Hopp til innhold

Nyt matfesten i 30 gradar

Få timer etter opninga av den sekstande gladmatfestivalen er folk allereie på plass for å nyte mat, drikke og sola. Det er venta at så mange som 250 000 vil besøke festivalen.

I dag startar den 16. gladmatfestivalen i Stavanger

Andreas Kinn, Kristian Svensen og Lene Strømstad smakar øl på standen Malt og humle på gladmatfestivalen i Stavanger.

Årets gladmatfestivalen kan bli ein varm affære. Dei siste dagane har det i Rogaland vore skuggetemperaturar i øvste del av 20-talet på gradestokken. Det held fram også under festivalen, ifølge meteorologen.

– Temperaturen held seg, og værtypen. Eg trur vi kan seia at det blir solgangsbris og pent ver, seier statsmeteorolog Karsten Eitrheim, meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Men sjølv om det er meldt svært høge temperaturar gjennom heile festivalen, så trur festivalsjefen likevel ikkje at det skal by på problem.

– Me har planlagt for det varme vêret. Me har vasstasjonar overalt og me oppfordrar folk til å drikke mykje vatn. Kjøleaggregata i telta går også som berre det, seier festivalsjef Mona Vervik.

Mona Vervik

Gladmatsjef Mona Vervik trur festivalen vil gå som smurt.

Foto: Ingvill Bjorland / NRK

På morgonen i dag er det allereie svært varmt på festivalområdet, men inne i Tine-teltet, som Roar Pedersen har ansvaret for, er det svalt.

– Me har nokre vifter for å halde temperaturen nede, så det går veldig fint her inne i teltet, seier Pedersen.

Mattilsynet følgjer med

Det varme vêret gjer at Mattilsynet følger ekstra godt med på korleis utstillarane serverer maten.

– Varmen kan bli eit utfordring med tanke på å halda god kjøletemperatur på dei varene som har krav til kjøling, seier Arve Kolbeinsen, førsteinspektør i Mattilsynet.

Dei har eigen stand på Gladmaten og vil sjekke forholda undervegs på festivalen.

– Me har hatt ein dialog med festivalen og påpeika kva som må gjerast når utetemperaturane er så høge. Så me trur det kjem til å gå greitt, seier Kolbeinsen.

Ventar 250 000 besøkande

Klokka tolv i dag var den offisielle opninga av den sekstande Gladmaten i Stavanger.

– Den første dagen er jo den skumle dagen, fordi då finn me ut kva me har gløymt. Men dette er jo noko me har brukt resten av året på å planlegge, så me trur det kjem til å gå som smurt, seier gladmatsjef, Mona Vervik.

Det er venta at om lag 250 000 menneske vil besøke årets matfest.

Gladmatsjefen, som sjølv leiar festivalen for fjerde gong, lovar eit godt matmangfald under årets festival.

– Vår jobb er å få med matmangfaldet som finst i heile fylket. I år har me mellom anna fått med oss fleire utstillarar frå Jæren, som er ein viktig del av matfatet Rogaland, seier Vervik.

Prisen på maten skal også vera med på å vekke appetitten.

– Kvar einaste utstillar skal ha ein gladmatrett som ikkje skal koste meir enn tretti kroner. Grunnen til det er at folk skal ha moglegheit til å smake på mykje forskjellig, før både magen og lommeboka seier stopp.