Hopp til innhold

Nå kan det koma vrakpant på båtar

Fleire båtar blir vraka til havs når ikkje båteigaren får seld eller returnert friluftsbåten sin. Over sommaren kan eit retursystem bli tatt opp til diskusjon, seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, Geir Pollestad.

Hans Olav Sandvoll, dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, fortel om dumping av båtar på sjøen.

VIDEO: Dette er ikkje eit uvanleg syn langs norskekysten, fortel dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, Hans Olav Sandvoll.

Hans Olav Sandvoll, daglig leder i Ryfylke

Dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, Hans Olav Sandvoll, ute i båten sin.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

– Me ser at det blir fleire og fleire av denne type båtvrak, både i hamner og i naturen, seier dagleg leiar i Ryfylke friluftsråd, Hans Olav Sandvoll.

Han er ute med båten sin ved ein liten holme i nærleiken av Usken i Sandnes, i sjøen like utanfor land ligg ein falleferdig båt med baugen i vêret.

– Båtane er ofte tomme for olje og diesel, og er derfor ikkje svært farlege for miljøet. Men estetisk sett høyrer ikkje dette heime i naturen, seier Sandvoll.

Kan koma returordning

Har du ein bil som du vil kvitta deg med, men ikkje får seld, kan du enkelt å greitt trilla den til bilopphoggeriet.

Men slik er det ikkje med båtar.

– Dette er til dømes eit problem i samanheng med båtar som går i arv. Ein får ikkje kvitta seg med båtane som ikkje er i bruk, seier Sandvoll.

Geir Pollestad

Geir Pollestad, statssekretær i samferdselsdepartementet, håper ei vrakpantordning kan vera på plass neste år.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I Norge finst det ein million småbåtar. I utgangspunktet er det båteigarane sjølv som har ansvar for båtane sine, men Geir Pollestad, statssekretær i samferdselsdepartementet, ser at dette er ei ordning som ikkje fungerer.

– Dette er noko me har bestemt oss for å gjera noko med. Korleis ei slik ordning blir må me sjå på saman og snakka med båtfolket om. Eg trur det allereie kan koma noko om dette i avfallsstrategien, som Miljøverndepartementet har varsla at skal koma etter sommaren, seier Pollestad.

– Sjølvfinansierande vrakpantordning

Pollestad håper på ei returordning for båtane, noko som fell i god jord hos Terje Løland, leiar i Jåggåvågen båtforeining.

– Det ligg mange båtar rundt om i heile landet, som aldri burde vore på sjøen. Mange er i så dårleg stand at dei vil søkkja om du tar på dei, seier Løland.

Han meiner likevel at det er eigarane som bør ta kostnaden med å kvitta seg med båtane.

– Men styresmaktene må leggja til rette for at dette skal vera mogleg, det er noko ikkje båteigarane kan klara sjølv, seier han.

Ei oppfordring som Pollestad tar.

– Eg har tru på ei vrakpantordning som er sjølvfinansierande, men ein kan sjølvsagt tenka seg andre løysingar.

Det vil i så fall sei at ein betalar eit tillegg ved overtaking av båten, som ein får att når ein leverer den inn.

Blir saka tatt opp i avfallsstrategien i haust, er det ein moglegheit for at det blir tomt for båtvrak i Gandsfjorden allereie neste sommar.

– Ein kan håpe at det er ei ordning på plass til neste båtsesong, for her må me finna løysingar som gjer at fleire tar det ansvaret dei faktisk har når dei skaffar seg ein båt, avsluttar Pollestad.