Hopp til innhold

Kan få dobbelt så lange tog på Jærbanen

Det er både trongt og klamt i togkupeane på Jærbanen i rushtrafikken, men for 35 millionar kroner kan det bli dobbelt så god plass allereie neste år.

Jærbanen

Om morgonane og ettermiddagen er det trongt om plassen i toga på Jærbanen. Dersom Klepp og Øksnavadporten får lengre perrongar kan også toga bli lengre.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Dag Brekkan

Marknadsansvarleg på Sørlands- og Jærbanen, Dag Brekkan, i NSB.

Foto: Privat

Dersom Dag Brekkan i NSB får det som han vil kan det bli perrongane på Klepp stasjon og Øksnavadporten bli forlenga allereie neste år.

– Då kan me sette inn dobbelt så lange tog på Jærbanen, seier Brekkan, som er strekningsleiar på Sørlands- og Jærbanen.

Det vil sei at i rushtidstrafikken vil NSB sine lokaltog ha plass til 600 reisande. Noko som vidare vil føra til at fleire folk vil reisa med toget ifølgje Brekkan.

– Utfordringane i trafikken i Rogaland er store og blir verre og verre for kvar dag som går. Dersom me kan tilby sitjeplass til alle på dei verste avgangane trur me det kan føra til ei auke i veksten, seier han.

Får svar i januar

Brekkan meiner at prislappen for å forlenga perrongane berre kjem på 35 millionar kroner dersom ein gjer det i sommar, då det likevel skal gjerast ein del arbeid på Jærbanen.

Dette er ein tankegang plan- og utviklingsdirektør i Jernbaneverket Sør/Vest, Lars Christian Stendal, liker.

– Me er samde med Brekkan i at dette ville vore eit veldig fint tidspunkt, seier Stendal.

Men ifølgje handlingsprogrammet til Jernbaneverket, som nå er ute til høyring, vil ikkje forlenginga av perrongane skje før etter 2018.

Derfor vil det vera avgjerande kva tilbakemeldingar NSB kjem med.

– Høyringsfristen er 8. desember, men slik det er nå opplever eg at NSB kjem med litt blanda signal. Dag Brekkan meiner dette er viktig å prioritera, medan sjefane hans i Oslo ikkje meiner det er like viktig, seier Stendal.

I byrjinga av januar vil det vera klart om utbygginga av perrongane blir framskunda i forhold til den opphavlege planen.

– Fordel med ein minister som kjenner Jærbanen

Dersom det blir forlenging av Klepp og Øksnavadporten i sommar går NSB straks i gang med å skaffa dei nye togsetta som trengst. Dermed kan kapasitetsauken skje allereie i haust.

Dag Brekkan er fullt klar over at den nye samferdselsministeren er frå stasjonsbyen Bryne, og godt kjent på Jærbanen

– Det er ikkje noko negativt for Rogaland at Ketil Solvik Olsen nå er samferdselsministeren. Han kjenner Jærbanen omtrent ut og inn, og derfor kan nok desse og andre investeringar gå kjappare enn folk hadde trudd på førehand. Men dette er mi personlege meining, avsluttar Brekkan.