Hopp til innhold

Kaldt for russen i Kongeparken

Hagl, snø, regn og sol. Russefeiringa i Kongeparken i helga har hatt det meste av det vêret kan by på.

Laurdag føremiddag kom haglbygene, natt til laurdag kom snøen og natt til søndag kom regnet.

Med andre ord: Det har ikkje akkurat vore draumevêr for 11.000 russ i Kongeparken på Ålgård i helga.

Snø i lavvoen

Men kledd i fleece og dunjakkar har russen halde varmen.

– Snøen sørgja berre for god stemning. Alle måtte trykka seg saman, seier Sofie Bergstrøm.

– Taket på lavvoen vår fall av. Det gjorde at snøen kom inn, seier Stine Nektad.

Dagleg leiar i Kongeparken, Håkon Lund, har gått vakt heile natta. Han er fornøgd med årets arrangement.

– Det blei surrealistisk med nesten fullmåne, lyseffektane, musikken og snøen, seier han.

Skryt frå politiet

Arrangementet får også skryt av politiet. Dei har vore opptekne av å vera mannsterke i Kongeparken i år.

– Det er ikkje meldt om alvorlege saker frå arrangementet. Heile russetreffet har gått veldig bra, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Victor Jensen.

Flere nyheter fra Rogaland