Hopp til innhold

Han har klokkartru på Oscar-nominasjon

John Erik Kaada har laga musikken til Norge sin Oscar-kandidat «1001 gram». Han meiner filmen bør ha gode sjansar til å bli nominert til den gjæve statuetten.

John Erik Kaada

Laurdag skal Stavanger symfoniorkester framføra filmmusikken til «1001 gram» i Stavanger konserthus. For John Erik Kaada var det sjølvsagt å bruka dette orkesteret.

Foto: Elisabeth Krey Jenssen

– Filmen skil seg ut, og eg trur den har ein reel sjanse, seier John Erik Kaada til NRK.no.

Han har komponert filmmusikken til Bent Hamer sin nye film «1001 gram», som er Norge sitt bidrag til å kjempa om ein Oscar-nominasjon. Filmen har premiere på norske kinoar på onsdag, men på laurdag skal Kaada testa filmmusikken på Stavanger-publikumet i Stavanger konserthus.

Inspirert av hydraulisk fjøringssystem

– Musikken er litt tung. Det er eit par lodd som av og til fell.

Kaada forklarar musikken han har skrive til filmen, som handlar om ei vitskapskvinne i det norske Justervesenet, som må reise til Paris for kontrollveging av den nasjonale kilo.

Når Kaada skulle laga musikk til filmen tok han utgangspunkt i borda som Justervesenet nyttar, når dei skal driva med målingane sine.

– Dei er plasserte på pålar, som går langt ned i jorda. Desse er igjen plassert på eit hydraulisk fjøringssystem. Når ein legg noko på bordet høyrer ein eit «phufff» i kjellaren. Denne lyden ligg i botn av musikken, seier han.

Sjå trailer og høyr musikken:

Ville ha SSO

Dette er John Erik Kaadas tredje samarbeid med regissør Bent Hamer.

Han skreiv også musikken til Hamer-filmane «O'Horten» og «Hjem til jul», og denne gongen, som sist han laga filmmusikk, falt valet på Stavanger Symfoniorkester, framføre eit orkester frå til dømes Aust-Europa.

– Du får ein sjanse med eit orkester, du har ikkje råd til å gjera det mange gonger. Derfor kjendest det tryggast å reisa her. Alternativet er å reisa til Aust-Europa der dei nesten ikkje snakkar engelsk, eg har høyrt ein del veldig vellukka opptak frå Aust-Europa, men også ein del som ikkje er så bra, seier han.

Blir avgjort neste år

Om filmen «1001 gram» får bli med i Oscar-konkurransen som beste framandspråklege film får me ikkje vita 15. januar.

Den fekk uansett god mottaking av internasjonal presse under filmfestivalen i Toronto, og John Erik Kaada har stor tru på filmen sine sjansar.

Skulle filmen bli nominert håper Kaada på å bli med på lasset til USA.

– Bent tar meg med på mykje promotering av filmen, så eg trur faktisk sjansen er der, seier han og ler.