Hopp til innhold

Jubel blant nei-folket til Nord-Jæren kommune

Rungende nei i både Sola og Sandnes, mens Stavanger-folket er positive til ein storkommune på Nord-Jæren.

Jubler etter nei i Sandnes

Jubel blant nei-folket i Sandnes. Frå venstre Pål Morten Borgli (Frp), Sofie margrethe Selvikvåg (Sp) og ordfører Stanley Wirak (Ap).

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

I 47 kommuner har folk stemt over kommunesammenslåing. Resultatene så langt viser et tydelig nei-flertall.

Stavanger er positive til ein ny storkommune, i motsetnad til sine naboar, med 52 prosent ja-røyster. I Sandnes var 81 prosent nei-røyster, mens det i nabokommunen Sola var 82 prosent som sa nei.

– Eg tenker folk har stemt ut frå det dei synst er viktig, då er det snakk om både kjensler og fakta. Folk trur me får ein betre by og region ved å stå åleine og halda fram det gode samarbeidet me har med naboane i dag, seier Sandnes-ordførar og nei-mann, Stanley Wirak (Ap).

Gruppeleiar for Høgre i Sandnes og ja-mann, Thor Magne Seland, var førebudd på eit nei i sin kommune.

– Eg er opptatt av å spela kampen til dommaren bles av, og det har me gjort. Eg har takka ordføraren for kampen og er ingen slagen mann.

Varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli og ordførar Stanley Wirak, er godt nøgd med førehandsstemmene om Nord Jæren kommune.

Varaordførar Pål Morten Borgli (Frp) om Sandnes sitt nei til Nord-Jæren.

Ja-fleirtal i Stavanger

– Dette er eg veldig glad for. Nå har me eit veldig godt mandat til å gå vidare med samtalane, seier Stavanger-ordførar og ja-kvinne, Christine Sagen Helgø (H).

– Men det går mot nei i Sandnes og Sola. Kva seier du til kommunalminister Sanner i morgon?

– Eg får seia at dette er resultatet og at me har eit klart mandat. Det er synd at Sola og Sandnes ikkje har fleire som har sagt ja, men eg er glad for at innbyggarane i Stavanger gir oss mandat til å gå vidare med planane, seier Sagen Helgø.

Ordføraren i Stavanger kommenterer førehandsresultata etter folkerøystinga om storkommune på Nord-Jæren.

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) om resultatet av førehandsstemminga.

Gruppeleiar Per A. Thorbjørnsen for Venstre i Stavanger er ikkje overraska over resultatet. Han meiner problemet er sjølve prinsippdokumentet om Nord-Jæren kommune.

– Dokumentet har vore altfor godt for nei-folket. Ein skulle unngått dette og berre hatt ja eller nei til kommunesamanslåing som svaralternativ.

I Stavanger har 23,2 prosent av dei som har førehandsstemt sagt nei til kommunesamanslåing generelt. 31,9 prosent sa nei til Nord-Jæren kommune.

Det blei eit klart nei til samanslåing med Sandnes og Stavanger i Sola.

Siv-Len Strandskog frå Sola Ap om Sola sitt nei til storkommune.

Nei frå Sola

I Sola kommune har 81 prosent at innbyggarane sagt nei til Nord-Jæren kommune. Altså ei nederlag for Sola-ordførar og ja-mann Ole Ueland (H).

– Dette er eit tydeleg resultat frå Sola kommune. Innbyggarane vil vera eigen kommune, noko som etter alle solemerke blir resultatet.

– Er dette eit nederlag for deg?

– Eg skulle ønska eit anna resultat, men eg er glad for eit tydeleg svar.

Etter alle solemerke blir det nå ingenting av Nord-Jæren kommune, som i så fall ville blitt landets tredje største.

folkeavstemning_kommunesammenslaaing3