Hopp til innhold

Jaktar store «bomber» på Utsira

Ei «bombe» for fugleentusiastar er å få auga på sjeldne trekkfuglar på ville vegar. I desse dagar går bombene av på rekke og rad på fugleøya Utsira.

Ei «bombe» for fugleentusiastar er å få auga på sjeldne trekkfuglar på ville vegar. I desse dagar går bombene av på rekke og rad på fugleøya Utsira.

SE VIDEO: Brage Heggland (13) frå Sandefjord er den yngste i landet som har sett meir enn 300 fugleartar. 13-åringen drøymer om ein dag å flytta til Utsira.

fugl på utsira

Dette er ein måltrost.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Norges minste kommune, Utsira, er eit eldorado for fugleelskarar. Kvar vår og haust samlast eit hundretals fuglekikkarar seg på øykommunen med berre 205 innbyggarar.

Denne og førre veke er det bombedagar på Utsira. Då er det haustferie og høgtid for dei som har fuglekikking som sin største hobby.

Fuglekikkarane ligg i buskar og kratt overalt på øya og jaktar synet av sjeldne fuglar. Det har seg nemleg slik at trekkfuglar som flyr seg vill på vegen frå nord til sør kviler på øyer som Utsira.

Yngste som har passert 300 artar

Brage Heggland

Brage Heggland (13).

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Dei fleste fuglekikkarar er vaksne menn, med kamuflasjeklede, dyre kikkertar og svære fotoapparat. Men det finst unntak

Brage Heggland er berre 13 år og har tatt turen heilt frå Sandefjord til Utsira. Han er den yngste i landet som har sett meir enn 300 fugleartar. Til nå har han sett 310 artar.

– Nå hoppar det to Gulbrunsangere opp i buskane her. Dei er veldig fine og sjeldne i heile landet, unntatt Utsira, seier den unge fugleentusiasten.

Brage er på øykommunen utanfor Haugesund kvar haust og vår. Første gong han var her var han berre to månader gammal.

– Det er fantastisk på Utsira, og eg vil flytta hit når eg blir vaksen. Eller så blir det Lista eller ein liknande plass, seier 13-åringen.

Fuglekikkarar Utsira

Om lag 100 fuglekikkarar samlast på Utsira kvar vår og haust i bombevekene.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

Eiga jentegruppe

Norsk ornitologisk foreining har også ei eiga jentegruppe med fuglekikkarar. I helga var fleire av damene på Utsira. Grete Hassel er her for tredje gang. Det er grytidleg morgon og ein kan høyra litt fuglesang.

– Det er heilt vindunderleg her. Særleg for meg som kjem frå Austlandet er dette noko heilt anna her ute i havgapet.

Ho klarer nesten ikkje å finna ord på kor mykje hobbyen betyr for henne.

– Fuglar er noko heilt spesielt. Alle som er i nærleiken av fuglane blir glad i dei og beundrar dei. Og så er det så mange av dei, det er fuglar overalt.

– Kor viktig er det med ei jentegruppe?

– Det er litt viktig fordi fuglegruppa var veldig mannsdominert. I tillegg var dei så flinke. Eg har vore medlem i foreininga heilt sidan 1986, men det fall meg ikkje inn å vera med på turar. Plutseleg leste eg i 2007 at det skulle vera ein jentetur hit til Utsira, og hit hadde eg lyst til å dra.

– Dramatisk lite fugl

Gjerdesnett

Denne lille krabaten er ein Gjerdesnett.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Elisabeth Ånes er pådrivar for jentegruppa. Ho er opptatt med å setja ringar på fuglar som blir fanga i svære nett.

– Det er så lite trekkfuglar at me må registrera dei for å finna ut kva som skjer i naturen. I år er det dramatisk lite fugl å sjå. Det er litt skremmande, og derfor endå viktigare å kursa fleire i å få kunnskap om kva som skjer.

– Er det ein dårleg vår, lite mat? Me set spørsmålsteikn til det som skjer og forstår ikkje kvifor, seier Ånes.