Hopp til innhold

Jærskulen vil bli best i landet på læring

– Velkomen! I dag skal me skriva noregshistorie! sa ordførar i Klepp, Ane Mari Braut, frå scenen då ho opna evalueringsmøtet til Jærskulane.

Jærskulen

(F. V) utviklingsleiar for Jærskulen, Mats Bryne, hovudtillitsvald i utdanningsforbundet, Siri Skjæveland Lode og rektor ved Undheim skule, Tordis Sandvik meiner alle at Jærskulen har store moglegheiter for utvikling.

Foto: Ine Eftestol / NRK

Mats Bryne

Utviklingsansvarleg for Jærskulen, Mats Bryne, har stor tru på arbeidet framover.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Jærskulen skal utvikla skulane i kommunane våre til å bli den beste staden å læra. I heila landet faktisk. Det er eit ganske hårete mål – og det passar oss ganske godt, slo ordføraren fast.

Torsdag hadde grunnskulane i Klepp, Time, Hå og Gjesdal hovudutvalsmøte i lag, med felles gjennomgang av tilstandsrapportar frå alle skulane.

Nettverk er eit nøkkelord i samarbeidet....

Mats Bryne, prosjektleder Jærskulen

Denne måten å arbeida på er unik, ifølge utviklingsleiar for Jærskulen, Mats Bryne.

– Det er eit omfattande samarbeid om skuleutvikling, som mest av alt handlar om at me skal finna ut korleis me kan læra av kvarandre.

Politikarar, hovudtillitsvalde og rektorar frå alle skulane i jærskule-kommunane var samla for evaluering av rapporten hans.

– Dette trur eg ikkje har blitt gjort før på same måten, nokon stad i Noreg. Så dette er ein historisk dag, seier Bryne.

møte jærskulane

Politikarar, hovudtillitsvalde og rektorar frå grunnskulane i klepp, Time, Hå og Gjesdal var samla for å evaluera prosjektet Jærskulen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Forskingsprosjekt

Utdanningsforbundet har vore involvert i prosjektet sidan oppstart, og ser med spenning på kva dei langsiktige resultata av målretta arbeid vil bli.

– Det ligg enorme moglegheiter her, meiner hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Siri Skjæveland Lode.

Prosjektet skal følgast av Universitetet i Stavanger for å finna ut kva som kjem ut av arbeidet.

– Dette er langsiktig, og me forventar ikkje å sjå resultat fort, presiserer Skjæveland Lode.

Ønsker elevar som vil

På Undheim skule i Time har dei gode erfaringar med prosjektet.

– For eksempel har me såkalla leiar-vandring, der me går rundt i klasseromma og ser på undervisninga for å få til betre praksis, og for at lærarane skal få høve til utvikling, fortel rektor Tordis Sandvik.

– Kva håper du om å få ut av prosjektet på lang sikt?

– At elevane har lyst å læra, og er nysgjerrige. Elevar som vil utvikla seg og har draumar for framtida. I tillegg til lærarar som ser at dei har verdas viktigaste jobb.