Hopp til innhold

Jærbanen stengd på ubestemt tid

Natt til onsdag vart Launes bru enda meir øydelagd, og det er ikkje klart kor lenge brua må vere stengd for trafikk. Dermed også strekninga Hellvik-Eigersund på Jærbanen.

Reparasjon av Launes bru i Eigersund

Reparasjon av Launes bru i Eigersund.

Foto: Jernbaneverket

Ekstremværet «Synne» fossa forbi, og øydela brufundamenta ved Launes i Egersund. Natt til onsdag auka skadane enda meir i omfang som følgje av ytterlegare utvasking. Fundamenta under Launes bru vart meir undergravd enn til nå.

– Det er ein krevjande jobb å få sikra bruas fundament att etter at dei vart vaska ut av dei enorme vassmassane i flaumen etter uvêret sist helg. Grunnen under brufundamenta må sikrast og sjølve fundamenta utbetrast før det tog kan passere brua, seier informasjonssjef i Jernbaneverket Henning Lode.

Arbeidet med utbetring starta måndag ettermiddag, men arbeidet er omfattande.

– Vi vil opna brua så snart det er mogleg å gjere på jobben på ein trygg måte. Det er ikkje mogeleg å gi noko tidspunkt for når Sørlandsbanen frå Egersund til Hellvik kan opnast att, seier Lode.

Persontoga på Jærbanen går som normalt frå Stavanger til Hellvik. Mellom Hellvik og Egersund er det bussforbindelse. Godstrafikken går til og frå Kristiansand inntil skadane på bruene ved Launes er reparert.