– Eg har hatt ein oppklarande samtale med politiet i Haugesund, og her går det fram at dei nå intensiverer jakta på drapsmannen, seier advokat Arvid Sjødin.
Han reknar dermed med at det skal koma fram nye opplysningar i den uoppklarte drapssaka på 17 år gamle Birgitte Tengs på Karmøy i mai 1995.
Ny teknologi
Ny DNA-teknologi har synt at det er mogleg å oppretta DNA-profilar av mindre og dårlegare prøvar enn det ein kunne tidlegare.
- Les òg:
Derfor la Arvid Sjødin i mai i fjor press på politiet i Haugesund, om å senda inn kleda til Birgitte Tengs for å prøva og finna DNA-spor etter gjerningsmannen.
Sjødin meiner dette vil reinvaska klienten hans, som er Birgitte Tengs sin eigen fetter (sjå faktaboks). Men viktigast av alt kan det bidra til å klara opp drapsgåta.
Politiet sa i januar i år at dei ville vurdera dette, men bevisa i saka blei likevel liggjande på politihuset i meir enn 16 månader.
- Les òg: – Uakseptabel tidsbruk
- Les òg:
- Les òg:
Verken fetteren eller Sjødin skal ha høyrt noko frå politiet, men etter dei førre veke truga med å gå rettens veg for å få innsyn i saka, tok politiet kontakt på måndag.
Beskjeden er at dei nå har sendt bevismateriale inn til eit laboratorium, som skal prøva å få ein DNA-profil av gjerningsmannen.
– Me sit på ryggen deira og passar på
Politiet har vidare opplyst at Sjødin og fetteren til Birgitte Tengs ikkje får innsyn i saka. Det er greitt for Sjødin så lenge han veit at bevismateriale er sendt av garde.
– Viss det blir eit treff på ein gjerningsmann er det naturleg at dei vil halda dette for seg sjølv. Me har også informert politiet om at me har forståing for dette, og at me ikkje skal blanda oss inn dersom ein eventuell ny mann blir sikta, seier Arvid Sjødin.
– Så du veit heller ikkje kva laboratorium politiet brukar?
– Nei, det veit eg ingenting om.
For Fetteren er det helt avgjerande å bli kvitt stemplet som drapsmann han fekk då han blei dømd til å betala erstatning til Birgitte Tengs sine foreldre, trass i at han blei frikjent for drapsskuldingane.
Sjødin seier dette handlar om å reisa opp att ære, og at han derfor måtte truga med rettsleg forfølging av politiet for at noko skulle skje.
– Me vil ha ein viss kontroll på at me skal få oppretta æra som ligg i denne saka, seier advokaten.
Sjølv om dei aksepterer avslag på innsyn, vil ikkje dette sei at dei har fått tilbake tilliten til politiet.
– Me sit på ryggen deira og passar på, seier han.
Politiadvokat Thor Buberg stadfestar at bevismateriale er sendt til nye undersøkingar, men vil ikkje la seg intervjua om saka.