Hopp til innhold

Innbrotsraid i Rogaland – slik går tjuvane fram

Nok ein gong herjar ei innbrotsbølgje Rogaland. – Pass ekstra godt på mellom klokka fem og åtte på kvelden, er rådet frå politiet.

Innbrotsraid i Rogaland

BRYNE, TYSDAG 11.11.2014: Etter innbrotstjuvane hadde tømt eit smykkeskrin frå ein bustad i Vestre Ring på Bryne, slengde dei det tomme skrinet frå seg her i Tjødnavegen. Innbrotet er eitt av mange som har vore dei siste dagane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er klart det er ubehageleg, særleg når ein har born heime, seier Gunn Bøe frå Lye.

Ho er uroa etter dei mange innbrota i Rogaland den siste månaden.

Jærbuer

Siri Rosland og Gunn Bø tykkjer den siste tidas innbrotsbølgje er ubehageleg.

Foto: Eirin Margrethe Fidje / NRK

Sidan starten på oktober har politiet i Rogaland registrert om lag 20 innbrot i privatbustader, som dei ser i samanheng. Alle har lik «modus» opplyser politiet, som meiner det kan vera dei same personane som står bak innbrota.

– Me har ein teori om at dei følgjer med på husa når det blir mørkt, i tida mellom fem og åtte om kvelden, dersom ikkje lysa går på tenker dei at huset er tomt, seier politiførstebetjent Morten Slettebø ved Time lensmannskontor.

Allierer seg med naboane

Også venninna Siri Rosland frå Orre kjenner på ubehaget.

– Eg er alltid påpasseleg med å låse dørene om kvelden, men no vil eg nok følgje ekstra godt med, seier ho.

Bøe følgjer politiets oppmoding om å alliere seg med naboane.

– Eg vil nok snakke med naboane, slik at me kan passe på saman, seier ho.

For Rosland som bur i meir landlege omgjevnader, er ikkje det like enkelt.

– Nei, me har jo knapt naboar, men me reagerer jo når framande kjem nærme. Men det er ubehageleg å vete at dei nesten overvaker folk, seier ho.

Har sett ned eiga gruppe i politiet

Morten Slettebø

– Me har ein teori om at dei følgjer med på husa når det blir mørkt, seier Morten Slettebø ved Time lensmannskontor.

Foto: Eirin Margrethe Fidje / NRK

– Dei brekk seg inn, anten gjennom terrassedør eller soveromsvindauge. Når dei kjem inn er det lett omsettelege ting, som sølv- og gulltøy dei er ute etter, seier Slettebø.

Innbrota strekk seg frå Egersund i sør til Jørpeland i nord, men helvta av dei har skjedd på Jæren. Dei siste forholda som er melde til politiet skjedde i går. Då var det på Bryne og på Nærbø tjuvane slo til.

I fjor haust var også Rogaland plaga av ei innbrotsbølgje, då blei det oppretta ein eigen naboaksjon. Nå har politiet har sett ned ei eiga gruppe som skal koordinere etterforskinga av bustadinnbrota på tvers av lensmannskontora.

Vil ha tips

– Me er svært interesserte i tips frå publikum, og ber dei om å vera ekstra på vakt, spesielt nå som det går mot helg. Folk må ikkje vera redde for å ringa oss dersom dei ser mistenkelege personar eller mistenkelege bilar parkert i gata, seier Slettebø.

Han oppmodar også folk om å passa på naboane sine hus.

– Kva veit de om dei som står bak innbrota?

– Me etterforskar breitt for å finna ut kven som står bak, og me veit framleis ikkje kva gruppering det er som står bak innbrotsraidet, seier Slettebø.

Dei ser likevel innbrota i samanheng.

Innbrotsraid