Hopp til innhold

Inn i sentralstyret

Iselin Nybø (30) frå Stavanger kom inn i Venstre sitt sentralstyre, med fem stemmers overvekt.

Rogalandsdelegasjonen har jobba mykje og hardt, før dei lukkast med å få inn Iselin Nybø i sentralstyret på Landsmøtet til Venstre i Bergen denne helga. Fylkespartiet måtte utfordra valkomiteen sin kandidat og med fem stemmers margin klarte dei det.

Iselin Nybø inn i sentralstyret i Venstre

Iselin Nybø på talarstolen på landsmøtet i Bergen

Foto: Kenneth Gjesdal

– Viss ikkje ville Rogaland Venstre site igjen med berre fylkesleiaren, som hadde plass i landsstyret til partiet, seier Iselin Nybø. Men nå har dei sikra seg ein posisjon til sentralt.

Store endringar i Rogaland Venstre

Helge Solum Larsen frå Stavanger, var svært sentral i partiet, fram til han blei skulda for valdtekt i samband med eit fylkespartimøte på Sand i Suldal denne vinteren. Det var også han som var favoritt til å stilla som førstekandidat til stortingsvalet neste haust. Er det Iselin Nybø som nå skal overta den plassen?

– Det er for tidleg å seie noko om, men eg vil heller ikkje avvise det, seier Nybø i dag.

Samtidig gjer ho det klart at ho vil høyre på kva signal som kjem frå lokallaga før ho seier noko meir om framtidsplanane.

Viktig sentralstyreplass

– Nå går me om ikkje lenge inn i førebuingane til stortingsvalet i 2013, seier Nybø. Då er det ekstra viktig å ha ei plattform inn mot det sentrale partiet. Inn mot valet er det ekstra mange standpunkt som må avklarast og då er det viktig både å kunne gi råd frå Rogaland og å kunne få råd til kva saker Venstre skal stå for.