Hopp til innhold

Hus og gardar må vika for ny E39

Vegvesenet har bestemt seg: det skal byggast ein 470 meter lang kulvert på E39 gjennom Tasta. Inn- og utgang på kulverten får seks felt, og grunna nye tryggingskrav blir inn- og utkøyringsfelta lengre enn planlagt.

Miljøkulvert på Tasta sett mot Stokkavatnet

SLIK BLIR DET: Kulvert på Tasta sett mot Stokkavatnet.

Foto: Ferran Compte

– Derfor har Vegvesenet vald å bygga kulverten nærmare Stokkavatnet enn der E-39 går i dag, seier planleggingsleiar Laila Løkken Christensen-Dreyer.

Strekninga blir rettare og meir trafikksikker, og vil ligga lenger vekke frå bygningane på Tasta.

Men fleire bustadhus og gardstun må vika for vegen.

– I tillegg blir friområdet mot Stokkavatnet råka, men det kan me delvis bygga opp att, seier ho.

– Dette er eit stort vegprosjekt. Fordelen med den løysinga me har landa på, er at me kan bygge kulverten medan trafikken kan gå som vanleg på dagens E39 gjennom Tasta i heile byggeperioden.

Prosjektet Smiene-Harestad inneber ei utviding av E39 til fire felt. I tillegg kjem sykkelveg med fortau på strekninga frå Smiene på Tasta til Harestadkrysset i Randaberg. Strekninga er 3,8 kilometer lang.

Kommunedelplanen blei vedteken med lang miljøkulvert i 2012. Dette er alternativ 2. Alternativet vegvesenet går inn for er nummer 5. Denne traseen går litt lenger vest.

E39 søraust mot Tasta

E39 søraust mot Tasta

Foto: Ferran Compte