Trafikkulykke - Det var 27 år gamle Lars Olav Torgersen, busett på Bryne, som døydde etter å ha køyrd av vegen og inn i ein fjellvegg natt til fredag. - Foto: Ronny Hjertås /

Det var 27 år gamle Lars Olav Torgersen, busett på Bryne, som døydde etter å ha køyrd av vegen og inn i ein fjellvegg natt til fredag.

Foto: Ronny Hjertås

Hund sakna etter dødsulukke

27-åringen som natt til fredag døydde i ei trafikkulukke, på E39 i Rogaland, var ikkje aleine i bilen. Nå etterlyser familien hunden «Lotta» som blei sett springa frå ulukkesstaden.

Det var på E39, mellom Ualand og Heskestad i Rogaland, ein bil køyrde av vegen og inn i ein fjellvegg natt til fredag.

Føraren blei erklært død på staden av hjelpemannskapet som kom til.

Nå fortel familiemedlem av avdøde at han hadde med seg ein svart amerikansk staffordshireterrieri i bilen. Hunden skal ha blitt observert ved bilen etter ulukka.

Den sprang då frå ulukkesstaden, og familien ber folk i område om å varsla politiet om dei finn hunden. Hunden skal ikkje vera farleg.