Hopp til innhold

Høg temperatur i sex-byen Stavanger

Sjå reportasjen frå 1989 – då det blei arrangert erotisk veke i Stavanger, med alt frå erotisk øl til strippeshow på Sting.

Sjå reportasjen frå 1989 – då det blei arrangert "Erotisk uke" i Stavanger, med alt frå erotisk øl til strippeshow på Sting.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk på NRK Rogaland februar 1989.

– Dette var ei tid då Aids-spøkjelse låg over heile Europa, og folk torde nesten ikkje å ta på kvarandre, seier Terje Vallestad som framleis driv Cafe Sting i Stavanger.

Derfor arrangerte han europas første erotiske festivalen i Stavanger i 1988. Året etterpå blei heile byen med, og medieinteressa var enorm.

– Eg blei intervjua på finsk og engelsk, hugsar eg, fortel Vallestad og ler.

Etter to år som festivalsjef var han likevel klar for å gje stafettpinnen vidare, men ingen ville overta jobben. Dermed blei det slutt på «Erotisk uke» i Stavanger.

Send inn tips

«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettsidene våre.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK