Hopp til innhold

Plukka opp døde frå sjøen

Han blei sendt ned for å trena opp det greske redningsselskapet Hellenic Rescue Team, men hamna i fleire ekte situasjonar.

Roger Nilsen

KURS: Roger Nilsen frå Redningsselskapet på Kos i Hellas. Sidan dei fleste frivillige her driv med fjellredning, blir dei kursa havredning.

Foto: Redningsselskapet

Roger Nilsen frå Stavanger er frivillig i Redningsselskapet, som for tida kursar søsterorganisasjonen i Hellas, Hellenic Rescue Team, i havredning. Fredag kom han heim til Norge etter to veker med svært sterke inntrykk.

Åtte av ni døde

– Det gjekk fort frå trening til ekte situasjonar der nede, fortel han til NRK.

For sjølv om vinteren skulle vera lågsesong for flyktningar som kjem til dei greske øyene med båt, kjem dei framleis i hopetal.

– Det som gjorde mest inntrykk var då me blei tilkalla for å leita etter ein flåte som hadde kantra. Totalt var det ni personar om bord på flåten, berre ein av dei overlevde. To av dei omkomne var babyar, fortel Nilsen.

Åtte menneskeliv som går inn i ein dyster statistikk. Berre i januar skal 250 flyktningar ha mista livet på sjøen mellom Tyrkia og Hellas.

Roger Nilsen meiner at tala kunne sett annleis ut om dei frivillige får tilgang på raske båtar og kursing i sjøredning.

– Det er ein vond feeling når du veit at flåten du kjem ut til kantra for halvannan time sidan. Det er avgrensa kva du kan gjera, men du når jo ikkje fram, fortel han.

Roger Nilsen

Roger Nilsen på øving med Hellenic Rescue Team.

Foto: Redningsselskapet

Ber om RIB-båtar

I dag har generalsekretær Rikke Lind bede den norske regjeringa om meir pengar til å bygga opp den greske frivilligheita. Mellom anna med ti hurtiggåande RIB-båtar. Dei har allereie gitt ein båt i gåve, og ein ny er på veg.

– Kvar einaste dag kjempar små barn i kaldt vatn og dessverre går mange liv tapt fordi hjelpa ikkje kjem fort nok fram. Me ber regjeringa om å vera med på ein dugnad for å hjelpa redningstenesta på Hellas, seier Rikke Lind i ein video, som Redningsselskapet har lagt ut på Facebook.

Dei ønsker også å halda fram med å kursa dei frivillige i havredning.

– Dette er alle slags folk. Det er politimenn, brannmenn og folk som jobbar i butikken. Dei er svært gode på fjellredning, men når dei kjem til havet har dei svært lita erfaring. Det ser me når me er der nede, seier Nilsen.