Hopp til innhold

Her knuser Norge Italia 6–0

For dei som tvilar på det norske fotballandslaget før den viktige EM-kvalifiseringskampen på Ullevaal i kveld, finst det i alle fall håp i historia. I 1991 slo det norske U-21 landslaget Italia heile 6–0 i Stavanger.

Norge-Italia 1991 i Stavanger.

VIDEO: Sjå måla då Norge slo Italia 6–0 i Stavanger i 1991.

Gunnar Aase

Gunnar Aase spelte heile kampen då U-21-landslaget slo Italia 6–0 i Stavanger i 1991. Har trur ikkje på ein reprise i kveld.

Foto: Magnus Stokka

Det norske laget stilte med profilar som Stig Inge Bjørnebye, Erik Mykland og Roar Strand.

Claus Eftevaag skåra to av måla då Italia blei slått heile 6–0 på gamle Stavanger stadion 5. juni i 1991.

Tidlegare Viking-profil Gunnar Aase spelte heile kampen og minnest junidagen i 1991 slik:

Norge- Italia

Det var mykje å jubla over i Stavanger 5. juni i 1991.

Foto: NRK

– Det var ein kamp der me hadde maks klaff. Resultatet var langt over forventa mot sjølvaste Italia med fleire superstjerner. I tillegg var me nærare 7–0 og 8–0 enn dei var 6–1. Det var heilt surrealistisk, seier den tidlegare Viking-vingen som også fekk eit par kampar på A-landslaget.

– Alt klaffa

Publikum Stavanger stadion

5700 tilskodarar såg Norge slå Italia 6–0 5. juni i 1991.

Foto: NRK

Aase kunne også notert seg for eit mål, men langskotet gjekk dessverre i tverrliggaren.

– Alt klaffa frå første til siste minutt og me spelte fantastisk god fotball. Laget vårt bestod av veldig gode spelarar, minnest han.

5700 tilskodarar på Stavanger stadion såg U21-landslaget valsa over Italia. Benny Lennartsson var trenar og Nils Johan Semb assistenttrenar.

– Når det gjeld aldersbestemte landskampar eg har spelt, er dette absolutt høgdepunktet. Det var ein kamp og ein kveld eg ikkje gløymer, seier Aase.

– Norge får det knalltøft

Italia stilte med stjerner som Dino Baggio og Demetrio Albertini. Det gjer prestasjonen ekstra sterk, meiner Aase. Men han har ikkje tru på nokon reprise i kveld.

– Eg trur ikkje me får oppleva ein 6-0-kamp på Ullevaal i kveld. Eg trur Norge får det knalltøft. Klarer me uavgjort, skal me vera veldig godt fornøgde.

Aase seier Italia ser spanande ut med ny trenar etter VM (Antonio Conte).

– Du forventar at Italia er kyniske og keisame på bortebane, men med trenar Conte kan det fort bli meir offensiv fotball.

Det var ein kamp og ein kveld eg ikkje gløymer.

Gunnar Aase