Hopp til innhold

Her kunne det gått frykteleg gale

– Heldigvis gjekk det så bra at barna mine framleis sov i baksetet etterpå, seier Kurt Ræge (34) etter å ha vore i ei nestenulukke i 80-sonen på E39.

Her går det nesten gale ved innkøyrselen til Tengs på E39 i Bjerkreim.

SJÅ VIDEO: Her er den dramatiske forbikøyringa ved Tengs for to dagar sidan.

Det er ein letta mann NRK.no snakkar med fredag ettermiddag. Kurt Ræge har nett opplevd ei svært dramatisk hending i trafikken, der det kunne gått gale med hans to yngste barn, kona og han sjølv.

For då han skulle heim frå Ikea i Sandnes kom plutseleg ein bil susande mot han på E39 i 80-sona ved Tengs i Bjerkreim. På dashbordet har han eit fastmontert kamera, som fanga opp heile episoden.

Barn på fem månader og fire år

– Galningen som kjem mot meg er i gang med ei svært farleg forbikøyring. Slike folk tenker verken på seg sjølv eller andre, seier Ræge.

Han forklarer vidare at han måtte kasta seg på bremsa og svinga ut mot autovernet for at det skulle gå bra. Noko videoen syner at det gjer; på hengande håret.

– Eg er svært glad for at dette ikkje gjekk gale. I baksete sat mine to yngste barn på fem månader og fire år. Heime sat mine to eldste barn på ni og elleve. Hadde det skjedd oss noko, hadde dei sitte der utan å vera klar over kva som skjedde, seier han.

På Ikea hadde Ræge og kona handla golvlaminat som dei hadde på ein hengar. Hengaren vog nærmare eitt tonn og ville ha påverka ei eventuell ulukke. Dessutan gjorde hengaren det ekstra utfordrande for Ræge å unngå ulukka, noko videoen ikkje fangar opp.

– Eit under at det gjekk bra

– Då eg bremsa opp byrja hengaren å legga seg ut til sida, derfor måtte eg gassa opp for at bilen som gjorde forbikøyringa ikkje skulle bli treft av hengaren, seier han.

Ræge forklarer at han har kameraet i tilfelle han skal koma oppi situasjonar, der han treng videoen til forsikringsselskap. Stavanger Aftenblad har vist videoen til UP-sjef i Rogaland og Agder, politioverbetjent Øystein O. Krogstad. Han reagerer på videoen.

– Det er jo eit under at dette gjekk bra! Det er jo slik køyreåtferd som dessverre altfor ofte medfører ulykker med tragiske utfall, seier UP-sjefen til avisa.

Han legg til at føraren av den kvite bilen definitivt ville blitt meld til politiet dersom politiet hadde sett hendinga.

Ræge sjølv er berre takksam for at det heile gjekk bra.

– Heldigvis gjekk det så bra at barna mine framleis sov i baksetet etterpå.