Hopp til innhold

Her får Jan Petter (20) sparken

Den siste tida har bedrifter i oljenæringa varsla fleire tusen oppseiingar. 20 år gamle Jan Petter Røyset er ein av dei som mistar jobben sin. I dag henta han oppseiingspapira sine hos Aibel i Haugesund.

Den siste tida har bedrifter i oljenæringa varsla fleire tusen oppseiingar. I dag henta 20 år gamle Jan Petter Røyset oppseiingspapira sine hos Aibel i Haugesund der han har jobba som sveisar.

VIDEO: Her har Jan Petter Røyset nett fått brevet, som fortel han at han ikkje lenger har ein jobb.

 Jan Petter Røyset (20)

SVEISAR UTAN JOBB: Jan Petter Røyset.

Foto: Thomas Halleland / NRK
Oddvar Snørteland (24)

SVEISAR UNDER UTDANNING: Oddvar Snørteland.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Aibel er ei fantastisk bedrift, så dette er veldig surt. Me har eigentleg vore som ein stor lykkeleg familie på avdelinga mi, seier Jan Petter Røyset (20).

Han er nett ferdig med lærlingtida si som sveisar i oljebransjebedrifta Aibel i Haugesund, etter dette har han jobba fast dei siste månadene i same bedrift. I dag får han sparken.

Venta på oppseiing

– Den siste tida har eg eigentleg berre sitte og venta på at dei skulle ringa, og det gjorde dei nå. Dei sa at eg kunne koma ned og henta oppseiinga i dag, fortel 20-åringen.

Det er ikkje meir enn tre dagar sidan Aibel gjekk ut å varsla at dei måtte kutta 290 stillingar. Dette var fjerde gong dei gjekk ut med denne type nyheiter, og samla i 2014 har dei varsla om lag 1000 oppseiingar.

Aibel er ikkje aleine om å kutta stillingar, og norsk oljenæring er inne i det mange vil kalla ei krisetid. Fleire tusen skal mista jobbane sine.

Bilfinger er ei anna bedrift som har varsla masseoppseiingar, mange av desse oppseiingane trer i kraft neste måndag etter enda oppseiingstid.

Årsaka til kutta er økonomisk trongare tider og færre oppdrag, spesielt frå hovudoppdragsgjevaren Statoil. Statoil sjølv har varsla meir enn tusen oppseiingar, men dette skal berre vera ein start. Oljeselskapet skal ved utgangen av 2016 ha kutta utgiftene sine kraftig med mellom anna meir effektiv drift.

Aibel i Haugesund

AIBEL I HAUGESUND: Aibel er eit serviceselskap i olje- og gassindustrien. Selskapet er også etablert innan fornybar energi. Rundt 5.500 medarbeidarar er engasjert i arbeid på land og offshore.

Foto: Øyvind Sætre / Aibel

Vil ikkje uroa seg

Ikkje langt unna verftet til Aibel utdannar elevar seg til å tre inn i same bransje som Røyset.

På Haugaland Vidaregåande skole er Oddvar Snørteland (24) i full gang med å sveisa, han veit det kan bli tøft å få seg ein jobb.

– Eg har tenkt litt på det i det siste når det er mykje i media og me har snakka litt om det i klassen og på skulen. Konkurransen har blitt større, men eg vil ikkje uroa meg så mykje før eg skal ut i arbeid, seier Snørteland.

Trass situasjonen er han sjølvsikker.

– Eg gjer full gass uansett, så eg trur ikkje dette vil bety så mykje for meg, seier gan.

– Går i syklusar

Dette er ei haldning, som rektor Odd Henning Johannesen er glad at elevar hos han har.

– Eg trur dette går i syklusar. Det vil nok bli arbeid for dei som utdannar seg innan sveis og andre mekaniske yrke. Det er mykje mekanisk industri i området her, så det vil alltid vera behov for mekanikarar, seier Johannesen.

Røyset står med oppseiingsbrevet i handa utanfor kontoret til Aibel. Han har tre månader oppseiingstid.

– Nå må eg finna meg ein jobb så fort som råd, slik at eg kan koma tilbake i vanlege rutinar igjen, seier han.