Hopp til innhold

Her blir den nye utstillinga om Oljefondet opna

18. mai opna utstillinga «Fra oljeformue til finansformue» på Oljemuseet i Stavanger. Utstillinga viser historia til Oljefondet, som i dag er på om lag 7000 milliardar kroner.

Opning utstilling Oljefondet

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) opna utstillinga i dag med ein liten quiz.

Foto: Anders Fehn

Det er 20 år sidan dei første pengane blei sett inn i Oljefondet, og i år fyller Norges Bank, som forvaltar fondet, 200 år.

I Stavanger markerer Norges Bank sitt jubileum med utstillinga «Fra oljeformue til finansformue» på Norsk Oljemuseum.

Sidan 1996 har fondet vakse seg til om lag 7000 milliardar norske kroner. Det utgjer om lag 1,4 millionar kroner på kvar, dersom pengane blei delt ut til kvar einaste innbyggar i Norge.

Opning utstilling Oljefondet

Onsdag opna utstillinga «Fra oljeformue til finansformue» på Oljemuseet i Stavanger.

Foto: Anders Fehn

– Utstillinga er eit samarbeid mellom Norges Bank og Norsk Oljemuseum. Den fortel historia om korleis det norske Oljefondet er blitt folket sine pengar, seier Finn E. Krogh, direktør ved oljemuseet.

Ordføraren opna utstillinga

Han ønskte velkommen og Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (H) stod for sjølve utstillingsopninga.

– Det er naturleg og veldig kjekt at me har utstillinga nettopp her i Stavanger, Europas energihovudstad, sa ordføraren i talen sin.

Ordføraren meiner det er viktig at me gjer ein så viktig del av landet vårt tilgjengeleg for det norske publikum.

– Me lever i eit samfunn der me ikkje ser pengane lenger. Då er det ekstra viktig å synleggjera kor pengane kjem frå og korleis dei blir forvalta, sa Sagen Helgø.

Glade

Sentralbanksjef Øystein Olsen og direktør for Oljefondet, Yngve Slyngstad, var også på plass under opninga.

– Det er ei stor glede å bidra med denne nye utstillinga. Olja er den viktigaste næringa i norsk økonomi, og forklarer kvifor me har hatt den fantastiske utviklinga i landet vårt, sa Olsen.

– Det er ei glede at Oljefondet blir skrive inn i norsk historie. Dette er ein del av vårt land si historie, sa Slyngstad.

Oljefond-direktøren la vekt på kor unikt Norge er som har klart å etablert eit statleg fond som dette, og at det er grunn til å vera stolt over ordninga.

Quiz

Utstillinga tar oss gjennom historia til Oljefondet og Norges Bank, og presenterer fondet sin investeringsstrategi.

Dei besøkande kan sjølv studera korleis porteføljen fordeler seg på aksjar, eigedommar og obligasjonar i meir enn 9000 selskap over heile verda.

Kunnskapane blir testa i ein quiz, og publikum kan sjølv prøva seg som fondsforvaltarar.