Hopp til innhold

Helgeturen blei øydelagt

Mannen som skulle på helgetur hadde akkurat parkert bubilen sin på campingplassen. Så tok den fyr.

Bubilbrann i Haugesund

Ein bubil blei heilt utbrent på Haraldshaugen camping i Haugesund fredag kveld.

Foto: Tor Andre Johannessen

– Me kjenner ikkje årsaka til brannen, men trur det har noko med det tekniske anlegget i bubilen å gjera. Det er lite truleg at nokon har sett fyr, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Trond Friberg.

Dei fekk melding om brann på Haraldshaugen camping i Haugesund like før klokka seks fredag kveld. Ein bubil som nett hadde parkert på campingplassen stod i full fyr.

Ingen personar kom til skade i brannen, og det var heller ikkje fare for at nærliggande bygg skulle ta fyr.

– Brannen er nå sløkt, men det er ikkje mykje att av bubilen, seier Friberg.

Etter det NRK har fått opplyst var det ein mann som skulle på helgetur som køyrde bubilen. Han hadde akkurat kome fram til campingplassen då bilen tok fyr. Mannen er lokal, så han blei henta av ein slektning og køyrt heim.

Bubilbrann i Haugesund

Det er ikkje mykje att av bubilen nå.

Foto: Tor Andre Johannessen