Hopp til innhold

Har tru på legevaktløysing

Fungerande ordførar Susan Borg (Frp) i Karmøy fekk i dag overlevert 1465 underskrifter mot å flytta legevakta for fastlands- og Nord-Karmøy frå Haugesund til Åkra.

Legevaktaksjon Karmøy

Nesten 1500 underskrifter mot flytting av legevakta for fastlands- og Nord-Karmøy blei i dag levert til ordføraren i Karmøy. F.v.: Kjell Tveit, Turid Tveit, Turid Huglen, Reidar Johan Huglen, Vilma Karin Andersen og Susan Borg (fung. ordførar).

Foto: Gisle Jørgensen

Haugesund og Karmøy kommunar har prøvd å bli einige om ein mellombels avtale etter at den faste avtalen blei sagt opp, men har foreløpig ikkje lukkast.

Dermed har blant andre Turid Tveit og Turid Huglen frå Vormedal dei siste dagane samla inn nesten 1500 underskrifter mot flytting av legevakta.

– Det som går på liv og helse engasjerer både unge og eldre, så dette er verkeleg ei sak me brenn for. Me blei ganske frustrerte då det gjekk opp for oss at me stod i fare for å måtta reisa til Åkra for å komma til legevakta, seier Tveit.

Lyttande ordførar

Turid Huglen trur dei har heile fastlands-Karmøy bak seg i kampen mot flytting av legevakta.

– Dette er viktig for tryggleiken for oss alle, seier ho.

Ifølge Turid Tveit var det berre ein person som ikkje ville skriva under på kampanjen mot legevaktflyttinga.

Fungerande ordførar Susan Borg i Karmøy seier dei vil lytta til det lokale engasjementet.

Klokka 17 måndag var det eit møte med ordførarane i dei to kommunane, saman med rådmenn og helse- og omsorgssjefane på Karmøy rådhus.

Kommunestyret avgjer

Etter møtet måndag kveld seier ordførar Borg dette til NRK:

– Det var eit godt møte, der me fekk oppklart ein god del ting. Eg er veldig positiv på vegner av alle dei 12.000 innbyggarane dette gjeld.

Ho skal nå ta med informasjonen frå møtet til alle gruppeleiarane i Karmøy, så blir det tatt ei avgjerd i kommunestyret tysdag.

– Nå er det opp til kommunestyret kva dei vil gå for.

Ordførar i Haugesund, Petter Steen, seier dialogen var god på møtet i ettermiddag.

– Haugesund kommune er opne for ein vidare dialog. Me er fleksible, og kan for eksempel ha ein toårig avtale med opsjon om forlenging.