Hopp til innhold

Vil ha kontakt med folk som har observert ein liknande båt

Den 51 år gamle fiskaren, som blei meldt sakna i går kveld, er framleis ikkje funnen. Hovudredningssentralen leiter framleis for fulle styrker.

Båten til sakna fiskar

Hovudredningssentralen har nå gått ut med dette bilete av ein 26 fots SANTANA Elwaro 785. Det er ein båt av denne typen den sakna fiskaren i Rogaland tok ut med i går føremiddag.

Foto: NRK

  • 13.00 HRS går ut med bilete av liknande båt
  • 10.30 opplyste politiet at søket var i gang for fullt igjen, og at det var utvida til også å gjelda strandsøk

Det var like før klokka 18 fredag kveld Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) sette i gang søk etter ein 51 år gamal yrkesfiskar og den 26 fot lange båten hans utanfor Hellvik i Eigersund.

Fiskaren hadde gått ut for å trekka hummarteiner klokka 10 fredag føremiddag, men då han ikkje kom tilbake før mørket, melde familien han sakna.

Pause i helikoptersøket

Eit redningshelikopter og fleire båtar måtte i natt konstatera at søket var resultatlaust før dei tok seg ein pause.

– Me kalla inn ein del fartøy på grunn av at mannskapet måtte kvila seg, men så snart det blir lyst blir desse sett tilbake i søket, sa Jan Lillebø, som er vakthavande redningsleiar i HRS til NRK klokka sju laurdag morgon.

Han slår likevel fast at det også har blitt søkt etter fiskaren i natt.

– Me har søkt i heile natt. Søksområdet strekk seg nå frå Egersund i sør til Vigdelstranda i nord, åtte nautiske mil frå strandsona og vestover. Me har søkt med Kystvaktfartøyet Ålesund, som koordinerer båtane, losfartøy og brannbåt.

Leitar frå land

I tillegg til dette blir alle nyttefartøy som går inn og ut av området bedne om å vera på utkikk etter den 26 fot store båten. Samla sett er det snakk om over 20 fartøy som har vore involvert i leitearbeidet.

Klokka 10.30 opplyste politiet at søket var i gang for fullt igjen, og at det var utvida til også å gjelda strandsøk. Om lag 10 frivillige leiter etter fiskaren i strandsona ved Moivika ved Hellvik.

Nå ønsker også Hovuredningssentralen kontakt med folk som kan ha observert båten.

Søksområde