Hopp til innhold

Har pressa ned prisane per passering

Seint i natt blei eit politisk fleirtal samde om den nye bompengeavtalen på Nord-Jæren. – Me har fått prisen per passering eit stykke ned samanlikna med forslaget frå administrasjonen, avslørar fylkesordførar Janne Johnsen (H) før dagens pressekonferanse.

Bomstasjon

Avtalen om å krevje inn om lag 20 milliardar kroner til veg og kollektivprosjekt på Nord-Jæren blei klar i totida i natt.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Fylkesordføraren presenterer bomavtalen

Fylkesordføraren presenterer bomavtalen for frammøtte journalistar natt til tysdag

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Avtalen om å krevje inn om lag 20 milliardar kroner til veg og kollektivprosjekt på Nord-Jæren blei klar i totida i natt.

Det er partia Høgre, Arbeidarpartiet, KrF, Venstre, SV og tre uavhengige representantar som utgjer fleirtalet. Senterpartiet og Frp går imot.

– Me har fått ned bompengane ein del frå nivået på 45 kroner per passering i rushtida, slik som administrasjonen gjorde framlegg om, seier fylkesordførar Janne Johnsen.

Skal halda pressekonferanse

Ho vil likevel ikkje seie kor mykje taksten er sett ned og heller ikkje gå inn på om Gandsfjord bru har kome inn blant prosjekta i bompengepakken.

– Kva som har skjedd med dei 200 millionar kroner som administrasjonen har foreslått skal gå til drift av buss kvart år, må de også venta med å få svar på til seinare i dag, avsluttar Johnsen.

Det blir ein pressekonferanse etter budsjettet er lagt fram i dag. Bompakkesaka skal bli behandla politisk og dei enkelte gruppene skal informerast før pressekonferansen.

– Når me legg fram bompengepakka skal ein nok sjå at me har teke omsyn til både det eine og det andre. Dette er ei løysing som er realiserbar, og den er i alle fall så god som me klarer å få den, seier Johnsen til NRK.no.

Ap og Høgre fann kvarandre til slutt

Tom Tvedt i Ap og Janne Johnsen i Høgre blei til slutt samde om ein ny bompengepakke på Nord-Jæren

Foto: Ingvald Nordmark / NRK