Hopp til innhold

Slik teiknar ho 2013

Illustratøren Anette Moi (29) har teikna ein ny teikning kvar dag i heile 2013. Me blei med på teikning #351.

Illustratøren Anette Moi (29) har teikna ein ny teikning kvar dag i heile 2013. Me blei med på teikning #351.

►SJÅ VIDEO: Bli med på Anette Moi sin teikning nummer #351. (Foto: Thomas Ystrøm. Redigering: Mathias Oppedal og Erik Waage.)

Du kjenner kanskje teikningane hennar frå Pizzabakeren. Anette Moi frå Stavanger har lenge teikna, men det er først i 2013 karrieren hennar som illustratør har teke av.

I eit vanskeleg yrke kan ho stå på eigne bein og livnæra seg som illustratør.

Mykje av æra for dette får prosjektet hennar «One drawing per day /// 2013» der ho produserer ein ny teikning kvar dag, og delar den fritt på internett gjennom sosiale medium.

Ein måte å få merksemd

– Dersom ein ikkje får visa seg fram er det ingen som veit kor flink du er. Eg kjenner mange flinke personar som ikkje får jobba på grunn av at folk ikkje veit om dei, seier Anette Moi.

Sjølv har ho nå eige studio i Hillevåg, der ho sit og førebur dagens teikning, då NRK kjem på besøk.

– I dag blei det Frank Sinatra for eg har høyrt ein del på julemusikken hans i det siste. Så tilfeldig er det, seier Moi.

Men sjølv om det er tilfeldig, er det mange som har lagt merke til dei enkle, fargerike og til tider morosame teikningane som har blitt delt på nettet. Dette har igjen ført til at Moi har fått stilla ut kunsten sin på galleri i Stavanger, under Øyafestivalen i Oslo og at ho har fått oppdrag frå VG og Aftenposten.

– Dette er mykje på grunn av at eg tørr å visa kva eg teiknar og at eg produserer mykje. I tillegg trur eg folk kan kjenna seg att i teikningane og bli glade, fortel ho

Frank Sinatra

TEIKNING #351: Her er Moi i gang med å ferdigstilla teikninga av Frank Sinatra.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Likevel hadde ho aldri trudd at karrieren skulle ta så av.

– At eg kan leva av å teikna er verkeleg ein drøym som har blitt sann. Eg elskar jobben min og må ofte klypa meg i armen.

Ho får ikkje betalt for bileta ho gratis legg ut, men meiner likevel at delingskulturen på sosiale medium er svært viktig for at ho har lukkast.

– For å bli sett, marknadsføra seg sjølv og for å få eit kjent namn er sosiale medium svært viktig. Det er vanskeleg å slå gjennom, men dersom ein bruker sosiale medium byrjar folk å snakka om arbeidet ditt og delar det med andre, slår ho fast.

Les òg:

Siv Jensen blei suksess

Frank Sinatra, eller «Ol' Blue Eyes» som han blei kalla, blir blå i andletet i dag. Anette bryr seg ikkje om å vera tru til dei naturlege fargane, utanom i visse høver.

Siv Jensen

Dette er ei av teikningane Moi har fått mest merksemd for.

Foto: Anette Moi

– Av og til teiknar eg RIP-teikningar, då er det viktig å visa respekt, forklarar ho.

Teikninga ho har fått mest merksemd for på nettet blei publisert dagen etter valet, og var ikkje spesielt vanskeleg å koma på.

– Nokon gonger kjem ideen ferdig servert. Slik var det då Siv Jensen ropte «Morna Jens!». Dette er den teikninga desidert flest folk har delt på nettet, seier ho.

Andre gonger har det vore vanskelegare å få publisert teikningar. Anten for at ho er på reise med dårlege nettforhold, eller at ho har vore sjuk, lei eller tom for idear. Men fram til det berre er få dagar att til nyttår har ho gjennomført, utan juks.

– Kva gjer du når du er tom for idear?

– Då teiknar eg ein hund eller ein katt eller eit anna dyr. Det fungerer alltid med eit dyr, seier Anette og ler.

Vil råda andre kreative til å gjera noko liknande

Og gjennom året har det blitt mange teikningar av dyr.

– Eg gler meg til nyttår. Det blir godt å sleppa presset som alltid heng over meg når eg veit at eg må publisera ein ny teikning kvar dag.

– Det er ikkje ein fare for at du nå er så lei av å teikne, at du ikkje gidd meir neste år?

– Nei, eg sluttar aldri å teikne. Men det blir likevel godt å få det litt rolegare. Eg har lært svært mykje av dette prosjektet, og ikkje minst har eg blitt ein betre teiknar. Eigentleg vil eg råda alle som driv med noko kreativt til å gjera noko liknande, avslutta Moi, som framleis ikkje veit kva som blir nyttårsteikninga.