Hopp til innhold

Har følt seg mistenkt i alle år

– Dei trudde ikkje på eit ord av det eg sa, fortalde Tina Jørgensen sin sambuar på pressekonferansen i 2003.

Atle Helljesen og Trond Flaa

Advokat Atle Helljesen og Trond Flaa på pressekonferansen i Stavanger etter siktinga mot han blei lagt bort i 2003.

Foto: NRK

Han valde å stå fram då saka mot han vart lagt til sides. Sambuaren til Tina Jørgensen, Trond Flaa, blei arrestert i 2001, og opplevde at politiet var heilt sikre på at han stod bak drapet.

– Dei trudde ikkje på eit ord av det eg sa. Dei hadde bestemt seg for at sånn var det, sa Flaa på ein pressekonferanse i samband med at siktinga mot han blei lagt bort 21. januar i 2003.

Advokaten kritisk til politiet

Atle Helljesen

Trond Flaa sin tidlegare advokat, Atle Helljesen, kjem med kritikk mot politiet si etterforsking.

Foto: NRK

Forsvararen frå den gongen, Atle Helljesen, er framleis kritisk til politiet sitt arbeid for 15 år sidan, og seier dei var lite villige til å etterforska alternative spor.

– Dei lo vel litt av meg då eg ikkje ville meine eller forstå at min klient hadde gjort dette, seier advokaten.

Kvifor lo dei av deg?

– Dei meinte at han var den skuldige.

Forsvareren til samboeren til Tina Jørgensen,som er siktet i saken, kritiserer politiet i Stavanger for etterforskinga den gang.

Atle Helljesen hevder politiet lo av ham og var helt sikre på at samboeren var skyldig i drap.

Spørsmål om mangelfull etterforsking

Ingen frå politiet i Stavanger kunne i dag svara på kritikken, men på ein pressekonferanse på fredag sa politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl dette, på spørsmål om mangelfull etterforsking:

– Det har vore ei omfattande etterforsking, og at det no har kome fram

 Bjørn Kåre Dahl

Politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl vil evaluera etterforskinga av drapet på Tina Jørgensen for 15 år sidan.

Foto: NRK

opplysningar som tek oss i ei ny retning, det må me berre ta til etterretning, seier Dahl.

– Så får me eventuelt i ettertid evaluera kvifor me ikkje såg dette den gongen.

Gløymer ikkje haldninga

– Det var ei haldning som eg reagerte på. Det har eg aldri gløymt. Og det trur eg helle aldri at min klient har gløymt. Han får vondt i magen berre han nærmar seg politihuset i Stavanger, fortel Atle Helljesen.

Sambuaren til Tina Jørgensen sat sju veker i varetekt, og fekk erstatning for det. Men advokaten seier at han likevel har følt seg mistenkt i alle år.

Trond Flaa

Tina Jørgensen sin sambuar, på pressekonferansen i 2003.

Foto: NRK

I 2003 hadde han tru på at saka skulle bli oppklart.

– Eg trur den eller dei personane som har gjort det rotnar innvendig og ikkje greier å ha det på samvitet, for noko så sjukt og vilt går det ikkje an å gå rundt med, sa Flaa på pressekonferansen den gongen.

Nå, 15 år etter drapet, er fire barndomskameratar frå Lyngdal varetektsfengsla. Alle nektar skuld.