Alf Inge Håland nede for telling etter takling av Roy Keane - I 2001 blei Alf-Inge Håland frå Bryne takla stygt av Roy Keane i lokaloppgjeret mellom Manchester City og United. Dette blei enden på proffkarrieren til nordmannen. - Foto: Ødegaard, Rolf Jarle / Scanpix

I 2001 blei Alf-Inge Håland frå Bryne takla stygt av Roy Keane i lokaloppgjeret mellom Manchester City og United. Dette blei enden på proffkarrieren til nordmannen.

Foto: Ødegaard, Rolf Jarle / Scanpix

Håpar alltid på United-tap

For elleve år sidan fekk dåverande Manchester City-spelar, Alf-Inge Håland, øydelagt karrieren sin i lokaloppgjeret mot United. I kveld satsar han på siger for dei lyseblå.

I kveld er det duka for ein av dei største kampane i Engelsk eliteserie nokon sinne. Ligafinalen mellom Manchester City og Manchester United.

I tillegg til å vera eit klassisk lokalderby, er kampen svært viktig for kven som stikk av med årets gull.

Ein som veit at det kan gå svært hardt føre seg i desse lokaloppgjera er Alf-Inge Håland, som var Manchester City-spelar frå 2000–2003.

– Det handlar om meir enn fotball

Etter ei rå takling frå Roy Keane i kampen mot United i 2001, klarte aldri Håland å koma heilt tilbake til proffotballen. Han meiner sjølv at taklinga er årsaka til dette.

I dag er det ikkje tvil om kven han vil sjå vinna.

– Dette er eit svært intenst oppgjer, med mykje nervar. Det handlar om meir enn berre fotball og eg håper at City vil stikka av med sigeren, seier Håland til NNRK.no.

Sjå taklinga mot Håland her

Trur på 2–1 til City

Håland seier at han ikkje har nag til Manchester United på grunn av taklinga i 2001, men at han ikkje likte måten Keane oppførte seg på i etterkant.

– Det er slik som kan skje på fotballbanen. Det spesielle var at Keane skrøyt av det i etterkant, og sa at han gjorde det med vilje.

Uavhengig av hendinga ønskjer Alf-Inge Håland medvind for United.

– Når ein ikkje er United-fan ønskjer ein alltid å sjå dei tapa, slik er det berre, seier han og ler.

Sjølv om det berre er materialforvaltaren som er att frå Håland si tid i Manchester City, så følgjer han nøye med på klubben.

– Det er ein fantastisk flott klubb med mange tilskodarar, som i mange år har slite i skuggen av United. I dag trur eg dei kan stikka av med ein 2-1-siger, avsluttar Håland.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)