Hopp til innhold

Hanne (25) lagar dokumentarfilm om sin eigen veg mot musklar, brunkrem og minibikini

På eit halvt år skal Hanne Høyland (25) gå frå å vera i normalt god form til å delta i ein bikinifitnesskonkurranse. Alt skal dokumenterast, og resultatet blir ein dokumentarfilm.

Hanne Høyland

FØR: Slik ser Hanne Høyland ut før ho startar med treninga fram mot deltakinga i bikinifitness-konkurransen til våren.

Foto: Jonny Rein Eriksen

– Det kan bli tøffe tider. Allereie første dag på dietten forstod eg kor tøft det kan bli. Det er utruleg mykje mat å eta for ein person som kanskje ikkje et så mykje til vanleg. Då hadde eg eit lite utbrot til kjærasten min om at «du må ikkje gå frå meg! Dette må me klara saman!».

Hanne Høyland

«SKAL BLI RIPPA»: Hanne Høyland går mot eit tøft halvår.

Foto: Jonny Rein Eriksen

Den 25 år gamle studenten og NRK-journalisten er budd på eit tøft halvår med beinhard trening og diett. Høyland tek ein master i dokumentarfilmproduksjon ved Universitetet i Stavanger, og i løpet av det neste halvåret skal ho laga film om sin eigen kvardag på veg mot bikinifitness-scena. Med seg på laget har ho også fotograf Kirsti Wilhelmsen.

– Eit usensurert bilete av bikinifitness

– Då er det om å gjera å ha sixpack og masse musklar, måla seg med brun kroppsmåling, ta på seg ein knøttliten bikini og høge helar, og så er det muskelshow.

Hanne Høyland

– Det er meir populært for jenter å stilla i bikinifitness enn kroppsbygging fordi det er meir feminint. Vanvitig mange, og då spesielt unge jenter, har kasta seg på trenden, seier Høyland.

Ho vil med filmen visa eit usensurert bilete av livet som bikinifitnessutøvar.

– Det er ikkje ein løyndom at det er mange jenter som heng seg opp i dette og utviklar ortoreksi (NB! Ekstern lenkje), som er ein type eteforstyrring der ein er veldig oppteken av å få masse musklar.

Hanne Høyland

HARDE TAK: Beinhard trening og beinhard diett ventar Hanne Høyland det neste halve året.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Til våren skal ho sjølv entra scena som deltakar.

– Då er det om å gjera å ha sixpack og masse musklar, måla seg med brun kroppsmåling, ta på seg ein knøttliten bikini og høge helar, og så er det muskelshow.

– Det ser litt spesielt ut, og eg må ærleg innrømma at det ikkje er den biten av dokumentarfilmen eg gler meg mest til.

Bikinifitness

Slovakiske Denisa Lipovska (i midten), australske Sally Yamamoto (t.v.) and svenske Veronica Kapica (t.h.) i World Classic Bodybuilding Championship and Bikini-Fitness World Cup i 2013.

Foto: ALEXANDER KLEIN / Afp

– Farleg

Vegen mot konkurransen er lang. Først skal ho masse opp i vekt, og så skal ho ned att på dei 48 kiloa badevekta synte før ho starta på prosjektet.

– Det er ei lang, vanskeleg og farefull reise ho skal ut på

Geirulf Tronerud, idrettslektor ved UiS

– Då skal eg vera «rippa», og feittprosenten skal vera veldig låg.

Arbeidet fram mot ein konkurranse i bikinifitness tek månader og år. I vekene og dagane før konkurranse skal musklane bli så definerte som mogleg, og feittprosenten skal ned. Langt ned. Nokre får feittprosent under ti prosent, som er under det anbefalte botnnivået for kvinnelege idrettsutøvarar. Dette er berre for ei kort periode rundt konkurransen, og for lang tid med låg feittprosent kan føra til alvorlege skader.

– Vegen dit er lang. Eg har fått beskjed om at det nesten er eit urealistisk mål. Eg har nett byrja å jobba med det, normalt ville det teke eitt år. Det blir beintøft.

Hanne Høyland

KNAKK NESTEN SAMAN: – På dag to knakk eg nesten saman to gonger, skriv Hanne Høyland på bloggen sin.

– Det er ei lang, vanskeleg og farefull reise ho skal ut på, seier Geirulf Tronerud, idrettslektor ved Universitetet i Stavanger.

– Samstundes er det ei god reise. Ho har sett seg eit mål som ho skal jobba mot, og det er ein positiv ting. Å forandra kroppen sin og stå fram som noko ein har lyst til å vera, det er positivt. Det farlege biten er at den prosessen ho skal inn i ofte endar opp med ei eteforstyrring, held han fram.

– Smal grense

Geirulf Tronerud

IDRETTSLEKTOR: Geirulf Tronerud.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Han åtvarar mot at kroppsbygginga og slankinga kan gå for langt, og at ho ikkje klarer å stoppa før det går utover helsa.

– Dette kan veldig fort gå veldig gale. Det skjer ikkje med alt for mange, men går det gale, så går det ordentleg gale! Det som er ei utfordring er at desse jentene og gutane står fram som døme for andre. Det skapar ein veldig kroppsfiksert kultur i desse miljøa, der det ofte handlar om å vera brun og ha veldig, veldig tynne kroppar. Den kombinasjonen er skremmande. Det er ei veldig, veldig smal grense før det bikkar feil veg, seier Tronerud.

Han har sjølv stått i ei lita speedotruse og innsmurt i brunkrem på ei scene og vist musklar.

– Det er ikkje det stoltaste augeblikket å sjå tilbake på, men det har gitt meg ei god erfaring, seier han.

Høyland har ikkje valt den enklaste måten å laga ein film om bikinifitness på.

Gruar seg ikkje

Tronerud seier filmen kan bli ein interessant film der ein kan sjå heile prosessen mot ein slik konkurranse, både det positive og negative.

– Det vil koma gode og dårlege dagar, og ho vil møta ein del motgang både treningsmessig, med skader, maten og familien rundt.

I tillegg til filmen, har Høyland laga ein blogg der ein kan følgja ho dag for dag mot musklar, brunkrem og bikini.

– Eg gruar meg ikkje. Eg har eit ope sinn, og eg er utruleg nyfiken på dette. Eg kunne følgt nokon andre, men det har eg valt å ikkje gjera fordi eg vil kjenna på kroppen kor tøft det er sjølv, og eg vil visa det fram. Då kan folk sjå filmen og tenkja «Dette kan eg gjera, dette er noko for meg!» eller «Nei, dette var kanskje ikkje noko for meg».