Hopp til innhold

Ministeren vil la vegvesenet sjekka promille

Samferdselsminister og avhaldsmann Ketil Solvik-Olsen vil fyllekøyringa til livs. Derfor meiner han at Statens vegvesen bør få fullmakt til å gjennomføra promillekontrollar.

Ketil Solvik-Olsen

I dag må vegstellet tilkalla politiet om dei mistbenkar ein sjåfør for å vera full. Dette meiner samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen burde vore unødvendig.

Foto: Jan Gulliksen / NRK

UP har kontroll

Det er politiet som gjennomførbar promillekontrollane her til lands.

Foto: www.nordsveenfoto.no

Vegvesenet sine kontrollørar ute i trafikken må tilkalla politiet kvar gong dei har mistanke om promillekøyring, og i går gjekk avdelingsingeniør Cato Roland i Statens vegvesen ut og sa at det hadde vore enklare om dei kunne gjort jobben sjølv.

Dette er ein tanke som samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ikkje er framand for.

– Dette er i alle fall noko me vurderer, seier han.

Vil fjerna skott

Han seier at han ønsker å la vegstellet få større fullmakt enn det dei har i dag.

– Både politi og vegstell har kontrollar, så er det i dag nokre vasstette skott mellom kva dei kan følgja opp når dei først har stoppa eitt køyretøy. Desse skotta ønsker i alle fall eg å fjerna, slik at dei har større fullmakt til å sjekka både det køyretekniske og føraren sin situasjon.

Ketil Solvik-Olsen seier at regjeringa tar ruskøyring svært alvorleg.

– Rus i trafikk er eit kjempestort problem og dessverre er altfor mange gonger dødeleg utfall av dette. Derfor er det viktig at me jobbar med dette, og det er høgt prioritert hos regjeringa, seier han.

Ein som er kritisk til å gi Statens vegvesen fullmakt til å ta promillekontrollar er politiinspektør, Leif Ole Topnes i Stavanger, som i går la denne meldinga ut på Twitter-kontoen sin:

Laster Twitter-innhold

– Fagleg strategi

Solvik-Olsen seier at regjeringa har fleire ting på gang, når det kjem til ruskøyring. Og at han saman med justisminister Anders Anundsen og helseminister Bent Høie ser på tverrpolitiske løysingar.

– Me har ein del ting på gang for å kunne avsløra medikament og andre ting som gir rus, og ei uoppmerksemd, men som me ikkje kan måla med promillekontrollar, seier Solvik-Olsen.

NRK har i dag fortalt om at tradisjonelle promillekontrollar har «gått av moten», og at politiet nå heller jakter gjengangarar og promillekøyrarar som dei blir tipsa om.

Dette er noko Trygg Trafikk reagerer på, men Solvik-Olsen meiner det er politiet som sjølv må vurdera korleis dei går fram.

– Det er ein fagleg strategi der eg stolar på at politiet har gjort gode vurderingar. Det er viktig at me tar vekk dei som har størst risiko for trafikken, då kan det nok vera fornuftig å gå etter gjengangarane, men det verkar nok også litt avskrekkande dersom ein veit at søndag morgon er politiet ute på promillekontroll.

Til slutt legg han til at dei ønsker å gi vegstellet og politi betre utstyr slik at dei kan ta ut bilar som normalt utgjer ein risiko, slik at ikkje alle blir stoppa i til dømes promillekontrollar.