Hopp til innhold

Halvparten fryktar for jobben

Frykta for å mista jobben er no like stor som under finanskrisa i Norge i 2009. Ingen er reddare for å bli ståande utan arbeid enn rogalendingane, der nesten halvparten fryktar oppseiing eller permittering.

Valemon platform

MØRKE SKYER I HORISONTEN: Ein av to arbeidstakarar i Rogaland er uroa for å mista jobben. (illustrasjonsbilete - her frå Statoil sin Valemon-plattform)

Foto: Harald Pettersen / Statoil

Frykta for å mista jobben er like stor som under finanskrisa i Noreg i 2009. Av dei 3000 som vart spurte i ei undersøking gjort for Yrkesorganisasjonanes sentralforbund (YS), svarar fire av ti at dei er redde for å permittering eller oppseiing.

– Bør vera unødvendig

YS-leder Jorunn Berland

UNØDVENDIG: Det kallar YS-leiar Jorunn Berland situasjonen.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Eg syns det er eit alt for høgt tal. Det bør vera unødvendig at fire av ti går rundt og er uroa for om dei har jobb om dei ser litt fram i tid, seier YS-leiar Jorunn Berland.

Undersøkinga, som er gjort av arbeidsforskingsinstituttet, er ein årleg temperaturmålar for tilstanden i arbeidslivet. Det er i oljeindustriens sentrum, Rogaland, flest er uroa, der halvparten fryktar for jobben. Deretter følgjer Troms, Finnmark, Sogn og Fjordane og trøndelagsfylka.

– Det syner at det er mange som har ein klump i magen, som er usikre på om det er dei som er dei neste som blir permittert eller sagt opp. Det er ein situasjon som eg og regjeringa tek på det djupaste alvor, seier arbeidsminister Robert Eriksson.

Open for fleire tiltak

Arbeidsminister Robert Eriksson på varslet tilsyn

– TEK SITUASJONEN PÅ DJUPASTE ALVOR: Arbeidsminister Robert Eriksson (Frp)

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Han seier at regjeringa sitt tiltak mot arbeidsløyse i statsbudsjettet vil hjelpa.

– Regjeringa har levert ein massiv tiltakspakke i samband med statsbudsjettet som vil bidra til arbeid, aktivitet og omstilling no som det norske samfunnet er heilt avhengig av om me skal lukkast i å trygga vanlege folk sine arbeidsplassar både no og framover, seier han.

Eriksson er open for å vurdera fleire tiltak.

– Skulle det visa seg at det krevst fleire tiltak, er regjeringa klare.

Viktig å balansera biletet

På NAV-kontora rundt om i Rogaland har dei fått veldig mykje meir å gjera den siste tida . Han som sit på toppen av NAV-pyramiden i fylket, Truls Nordahl, er ikkje overraska over at mange er redde for å mista jobben.

Truls Nordahl

– MANGE SOM FÅR JOBB OGSÅ: Truls Nordahl, NAV-direktør i Rogaland, seier det er viktig å få fram at det er mange som får seg ny jobb ganske raskt.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

– Det er ikkje heilt uventa. Nesten 250 selskap har sendt ut varsel her i området. Arbeidsløysa er ikkje så veldig høg endå, 3,8 prosent, men det er klart at i gangane hjå desse selskapa så går det folk som er uroa for om dei er nestemann på lista, korleis det går vidare og slike ting. Då er det viktig at me balanserer det biletet, me må få fram at det faktisk er mange som får seg ny jobb, seier Nordahl, NAV-direktør i Rogaland.

Av dei som registrerte seg hjå NAV i januar, var over halvparten i gang i ny jobb innan tre månader.

– Eg har stor forståing for frykta, men det er utruleg viktig at me held oppe at det faktisk er moglegheiter om det skulle skje. Dei fleste av dei som er redde vil mista ikkje jobben.