Hopp til innhold

Politiet nyttar fadderveka til å førebyggja valdtekter

– Alle fine ting du kan seia om ein god ven, ligg i omgrepet kjernekar. Det er også namnet på valdtektskampanjen til politiet.

Skåling i øl

Politiet nyttar årets stor studentfest til å snakka om rus, ansvar, og valdtekt på fest, og det å vera ein god ven.

Foto: Izabela Habur / Gettyimages/iStock

Nesten halvparten av alle valdtekter i Norge var relatert til fest i fjor – nå festar studentane for fullt i fadderveka, og politiet er på plass med ein viktig bodskap.

19. og 20. august køyrer dei ein haldningskampanje som oppfordrar studentar i heile landet til å vera ein kjernekar.

– Me ønsker å formidla at særleg gutar må ta ansvar. Både overfor seg sjølv, jenter, og andre gutar. Følg med på kompisar, og hjelp kvarandre i utsette situasjonar, seier Edvin Gard, politioverbetjent og seksjonsleiar for etterforsking på Stavanger politistasjon.

Nesten halvparten av overgrep skjer på fest

40 prosent av melde valdtekter i Norge i 2012 var relatert til fest. For 2014 er tala heile 48 prosent.

Gard trur ikkje mange er klar over kor stor del valdtekter som er festrelaterte.

– Her er det nok mangelfull kunnskap, og eg håper at me kan bidra til å gjera folk meir bevisste, seier han.

Bevisstgjering kan vera med på å senke terskelen for å melda overgrep, trur han. Dette kan gjera at fleire valdtekter blir meldt, og at mørketala går ned.

Når eit stort publikum

– Faktisk så reknar Kripos med at me kan nå så mange som 200000 personar med denne bodskapen i løpet av dei to dagane kampanjen varer, seier Gard.

– Overgrep er ei enorm belastning, ikkje berre for offeret men også for familie og dei rundt, difor er dette noko me har- og skal fortsetja å ha fokus på.

Viktig med diskusjon

Anine Klepp, leiar for studentorganisasjonen stOr ved Universitet i Stavanger, er glad for at politiet kjem.

– Det er veldig bra at ein set fokus på ein slik problematikk, og køyrer ein kampanje som spreier bodskapen om noko så alvorleg som overgrep.

StOr-leiaren meiner det er viktig å ha diskusjon rundt temaet.

– Når ein har ein stor fadderfestival så kan jo slikt oppstå. Me håper og satsar på at det ikkje skjer, men det er sjølvsagt viktig å diskutera korleis me ville handtert eventuelle hendingar om dei skulle forekoma