– Det gjekk greitt å få sløkt brannen, og me er nå på veg tilbake, seier Kjell Bjørnsen, som er vaktkommandør i Brannvesenet Sør-Rogaland.
Dei fekk klokka 15.20 dei fekk melding om brann i Trollskogen på Hundvåg.
Jonny Eiksund, som bur like ved skogen, seier at brannen starta i eit myrområde.
– Me kjenner ikkje til årsaka til brannen, men det gjekk med om lag to mål. Ingen kom til skade, seier Bjørnsen.
Ifølgje Meteorologisk institutt er det nå fare for skogbrann i Stavanger og Lund i Rogaland.