Hopp til innhold

God helseeffekt med elsykkel

Eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Stavanger (UiS) viser at helseeffekten ved bruk av elsykkel er god.

God helseeffekt med elsykkel.

VIDEO: Berit Kyllevik er blant dei som har vore med på forskingsprosjektet med elsyklar. Formen hennar har blitt betre på eit halvt år.

I november i fjor heiv 25 utrente personar seg på elsykkelen. Målet var å finna ut om elsykling har ein helsegevinst.

Berit Kyllevik er blant dei som har vore med på forskingsprosjektet. Ho har sykla to mil til dagen.

Nå er dei foreløpige resultata klare.

– Du har i alle fall auka oksygenopptaket så mykje at du har redusert sannsynet for tidleg død med godt over ti prosent, seier Leif Inge Tjelta, idrettsforskar ved UiS.

Og det er ikkje berre Berit som har fått oppløftande resultat.

– Så langt ser me at alle har framgang på oksygenopptak. For folk i dårleg form som vegrar seg for å sykla fordi dei gjerne har nokre harde bakkar på veg til og frå jobb, er dette eit veldig bra alternativ, seier idrettsforskaren.

Berit sjølv kjem til å halda fram med dei batteridrivne sykkelturane.

– Eg er veldig motivert for det, seier ho.

Sjølve prøvetakinga blir avslutta i slutten av juni, så skal resultata analyserast.

Blir helsa bedre av å bruke elsykkel? Det skal et forskningsprosjekt i Stavanger gi svaret på. 20 utrente personer skal de neste månane sykle fram og tilbake til jobb, og begynte sist uke

ARKIV (26.11.14): Blir helsa bedre av å bruke elsykkel? Det skal et forskningsprosjekt i Stavanger gi svaret på.