Dersom du ikkje har fått kjærast etter seks månader får du pengane att. Dette er garantien Ane Hagen gir til kundane sine på den nye date-tenesta Match Me.
– Me kjenner oss så trygge på at me klarer å finne den rette til folk at me gir kjærastegaranti, seier Hagen til NRK.
- Les òg:
- Les òg:
Kostar flesk
Men i motsetnad til andre date-tenester på nett, må du punga ut fleire tusen kroner for å bli med på konseptet til Hagen, som starta opp i april. Heile 22.500 kroner kostar gildet.
– Då treng du ikkje gjera nokon ting, me leiter for deg, og set opp date med folk me meiner passar, fortel ho.
Hagen meiner nemleg at det er så mange som nå bruker date-sider på nett at det derfor er vanskelegare enn før. For mykje å velja mellom rett og slett.
– Det blir veldig vanskeleg å finna nokon når alle er registrerte på nett, og det blir eit tidssluk sidan du bruker alt mykje tid på å bla deg gjennom potensielle partnarar. Derfor leiter me for dei, seier Hagen.
Sidan oppstarten i april kan dei skilta med å ha funne kjærast til tre personar.
- Les òg:
Kritisk til kjærastegaranti
Hos Forbrukarrådet har dei stor pågang frå folk som har spørsmål rundt nettdating. Kjærastegaranti er likevel noko nytt.
– Det har eg aldri høyrt om før, eg har heller ikkje høyrt om ein datingteneste som kostar så mykje, seier regiondirektør i Forbrukerrådet, Edith Kristin Nøkling.
Ho ber derfor folk om å gå nøye gjennom avtalevilkåra.
– Ein bør finna ut av kva som ligg i denne garantien og kven det er som definerer ein kjærast. Dersom det er datingtenesta, så kan det jo vera etter berre ein date, seier ho.
Ho råder også folk til å finna ut kva som skjer ved utmelding. Ofte er det folk som slit med å melda seg ut frå datingsider som kontaktar dei.
Intervju
Ane Hagen meiner sjølv at dei tilbyr ein langt tryggare måte å møta nye folk på enn dei tradisjonelle nettsidene. Ein av årsakene er at dei bruker sine eigne register med single, og intervjuar personane før dei får gå på date.
– På denne måten blir svindel, som me ofte høyrer om i samanheng med datingsider, vanskelegare, avsluttar ho.