Hopp til innhold

Når ikkje legevakta – ringjer ambulansebåten direkte

Frustrerte ryfylkingar som ikkje når gjennom til legevakta på telefon, kontaktar ambulansebåten på Finnøy. Nå ber fylkeslegen om ei evalueringa av heile den nye legevaktordninga i Ryfylke.

Per Bråthen

Ambulansearbeidar Per Bråthen på «Rygerdoktoren» opplever at mange som ikkje får kontakt med legevakta på vanleg måte, tar kontakt med ambulansebåten.

Foto: Magnus Stokka

1. september 2015 gjekk ryfylkekommunane Rennesøy, Finnøy, Kvitsøy og Hjelmeland over til legevaktsentral i Stavanger.

Det har langt frå gått knirkefritt. Alle dei fire kommunane har opplevd ein klagestorm på ordninga. Nokre har venta meir enn ein halvtime i telefon utan å nå gjennom til legevakta, andre hevdar dei har stått i telefonkø i fleire timar før dei gav opp.

Dette merkast også på ambulansebåten «Rygerdoktoren», som er stasjonert på Judaberg i Finnøy. Folk går nemleg alternative vegar for å få tak i helsehjelp, fortel ambulansearbeidar Per Bråthen.

– Me opplever at folk ikkje når gjennom til legevakta, og kontaktar oss direkte på ambulansebåten. Dei lurer på om me veit korleis dei kan komma i kontakt med legen. Eg har også blitt kontakta som privatperson av folk som har stått i telefonkø og som veit eg jobbar i helsevesenet.

Gav opp etter ein time

Morten Hovdet

Kommuneoverlege i Finnøy, Morten Hovdet.

Foto: Magnus Stokka

I eit av klagebreva, som er adressert til Finnøy kommune, står det at vedkommande gav opp å få kontakt med legevakta etter ein time. Etter nye forsøk på eit anna nummer, ringde vedkommande 113 i rein frustrasjon.

Kommuneoverlege i Finnøy, Morten Hovdet, er uroa over situasjonen.

– Lang svartid på telefon opplever eg som kommunelege som problematisk i forhold til pasienttryggleiken.

Dei fire ryfylkekommunane har derfor vore i tett dialog med Stavanger legevakt for å få bukt med telefontrøbbelet.

– Me må få rutinar der ein tar telefonen før, slik folk får den helsehjelpa dei skal ha, meiner kommuneoverlegen.

– Tar klagene på alvor

Corinna Vossius

Helsesjef i Stavanger, Corinna Vossius.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Helsesjef i Stavanger, Corinna Vossius, har det øvste ansvaret for legevaktordninga. Ho peikar på fleire årsaker til telefonproblema, blant anna tekniske utfordringar med etableringa av naudnett og nytt legevaktnummer.

Helsesjefen understrekar at dei tar klagene på alvor og at dei jobbar med å betra forholda.

– Det eine grepet er at me aukar bemanninga. At rett og slett fleire personar svarer på telefon. Det andre er at me prøver å gjera noko på måten telefonane blir svara på, slik at det skjer meir effektivt.

Konstituert fylkeslege i Rogaland, Roman Benz, er også orientert om saka. Han ber nå om ei evaluering.

– Me ber om at Stavanger legevakt og Ryfylke legevakt evaluerer heile ordninga for å sikra at den fungerer og at den helsemessige beredskapen er varetatt i Ryfylke.

Håpar på betring

Håpet til ambulansearbeidar Bråthen er i alle fall at dei lange telefonkøane snart er historie.

– Eg håpar dei ser på løysingar og bemannar opp telefonsentralen som eg trur er hovudårsaka til køen. Dersom ikkje Stavanger legevakt klarer dette må ein sjå på andre løysingar, slik at folk ikkje lir noko naud.

Kommuneoverlege Hovdet i Finnøy understrekar at det er fastlegen som gjeld på dagtid, legevakt utanom og at folk må ringa 113 når det er behov for akutt hjelp.