Hopp til innhold

Ingeniørar går saman for å takle arbeidsløysa

Oljebransjen kuttar, og talet på ingeniørar utan jobb har skote i vêret dei siste månadane. Fleire av dei oppsagde går no saman for å hjelpe kvarandre.

Wenche Haavarstein har sjølv mista jobben. No vil ho hjelpe andre ingeniørar som er i same situasjon.

– Velkommen til nettverksmøte for arbeidsledige. Dette er noko som me i NITO aldri trudde at me skulle koma til å arrangere.

Slik innleia kontorleiar i NITO, Elisabeth Kvinnesland, møtet for arbeidsledige ingeniørar i Stavanger i dag.

NITO, som organiserer ingeniørar, har i dag 57 medlemmar som er registrerte som arbeidsledige. Aldri før har talet vore så høgt.

Elisabeth Kvinnesland

Elisabeth Kvinnesland er kontorleiar i NITO, ho trur ingeniørane no må omstille seg.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

– Her i Rogaland har det eksplodert. Og det ser me veldig godt på kor mange som er registrerte som arbeidsledige, seier Kvinnesland.

15.000 jobbar i oljebransjen har forsvunne på kort tid, og det er venta at arbeidsløysa vil auke endå meir i tida som kjem.

– Mange går i kjellaren

– For mange er det eit sjokk, og då går ein ofte fort i kjellaren, og tenker «Gud, kva skal eg gjera no», seier Wenche Haavarstein.

Ho er ein av dei som har mista jobben i olja, og det var ho som tok initiativet til å få til eit nettverksmøte for dei arbeidsledige ingeniørane.

– Dei sitt heime, og har ingen. Difor tenkte eg at det var veldig viktig å få til noko, seier Haavarstein.

– Må ta tak sjølv

Sjølv har ho ikkje gitt opp håpet om å koma tilbake i arbeid. Og i dag råda ho dei arbeidsledige ingeniørane om å ta seg sjølv i nakken og gå aktivt inn for å få ein ny jobb.

– Det kjem ingen og plukkar deg opp av sofaen og seier at no skal me ordne det for deg. Det må du faktisk gjera sjølv, seier Haavarstein.

Og i NITO trur dei at å omstille seg til andre bransjar kan vera nøkkelen til å få ein ny jobb å gå til.

– No må alle prøve å sjå breitt og tenke om det er noko anna ein kan gjera. Kan eg ta ei oppdatering, eit kurs og læra meg noko som gjer meg unik? For det er ei tjukk bunke med søknadar, og du vil ende opp i den tynne bunka, seier Kvinnesland.