Hopp til innhold

Dette bygget skal jamnast med jorda

Det som i 1952 var eit praktbygg i Stavanger, skal nå rivast. – Eg fekk sjokk då eg høyrde om det, seier Thomas Middelthon, som er styremedlem i foreininga Vårt Stavanger.

Det som i 1952 var eit praktbygg i Stavanger, skal nå rivast. – Eg fekk sjokk då eg høyrde om det, seier Thomas Middelthon, som er styremedlem i foreininga Vårt Stavanger.

SJÅ VIDEO: Bli med inn i huset der debatten om rivinga har høg temperatur.

Thomas Middelthon

Thomas Middelthon, som er styremedlem i foreininga Vårt Stavanger, rasar over politikarane si avgjersle.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Hermetikkfagskolen var i si tid eit av Norges flottaste arkitektteikna bygg, opna av kong Olav i 1952. Nå har praktbygget stått og forfalle i mange år med Stavanger kommune som eigar. Men i ettermiddag gjekk fleirtalet i Kommunalstyret for byutvikling inn for å riva bygget. Rådmannen skal nå laga ein plan for rivinga.

– Det viser seg at me har eit etterslep på vedlikehald på langt over ein milliard, og det har me ikkje råd til å henta inn, seier Kari Raustein i Framstegspartiet.

Det er partiet hennar saman med Høgre som dannar fleirtalet for rivinga.

– Me må riva bygget og la folk koma inn med ny kreativitet, seier Raustein.

Sterke reaksjonar

Mange reagerer kraftig på avgjersla. Både politikarar og folk som engasjerer seg i byen.

– Me har råd til å bygga eit konserthus til 1,2 milliardar, men me har ikkje råd til å vareta byen sin historie og byen sin identitet. Det er fattigsleg etter mi meining, seier styremedlem i foreininga Vårt Stavanger, Thomas Middelthon.

Også politikarane som er imot rivinga ristar på hovudet. Ein av desse er Per A. Thorbjørnsen i Venstre.

– Bygget skulle regulerast for sal, men nå blir det riving. Dermed får me ikkje vite om aktørar i den private marknaden hadde vore interesserte i å ta over bygget, opplyser han til NRK.no.

– Ikkje overraska

Den konservative byvernaren, Middelthon, er skuffa over at Høgre er med på rivinga.

– Eg forstår at Høgre har blitt meir og meir Frp, og det beklagar eg. Det kjem dei til å mista stemmer på, seier han.

Kristen Høyer Mathiassen (H), som er nestleiar i Kommunalstyret for byutvikling svarer på tiltale.

– Det var hans ord, eg ser det på ein annan måte. Me har ikkje for mykje areal i denne byen, derfor må me bruka det me har meir effektivt og riktig. Denne tomta er sentrumsnær, og eg trur me kan få eit bruk som er meir riktig for 2014 her, seier Mathiassen.

Middelthon på si side er ikkje overraska over tankegangen.

– Eg har sett så mange feilgrep gjennom historia i denne byen at eg ikkje er sjokka. Spesielt mange feilgrep har det vore etter Frp kom inn i lokalpolitikken. Eg har aldri opplevd at partiet har gått inn for å verna eit einaste bygg i denne byen i mine 40 år som byvernar, seier han.

Heldigvis for Middelthon har Fylkesmannen allereie varsla at dei vil protestera mot rivinga, noko som i alle fall vil føra til at prosessen med rivinga vil bli dregen ut i tid.

Hermetikkfagskolen

Frå innsida av den gamle skulen.

Foto: Tom Edvindsen / NRK