Hopp til innhold

Gamblar om kven som blir ny direktør i Viking

Kun få timar etter Viking stod utan administrerande direktør i dag, byrja folk å setja pengar på kven som blir den neste.

Gambler på ny Viking-direktør

På bettingsida Guts.com sett folk pengar på kven som blir den neste direktøren i Viking. Skulle det bli Per Inge Torkelsen vil premieutbetalinga bli stor.

Foto: skjermdump

Arne Larsen Økland

FERDIG: Arne Larsen Økland er ferdig som direktør i Viking FK.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

For folk som gamblar på Viking sine kampar, er det tap for dei mørkeblå som så langt denne sesongen har betalt seg best. Like enkelt er det ikkje når veddemåla handlar om kven som blir den nye direktøren i klubben.

Alternativa er langt fleire enn HUB, sjølv om nokre er meir usannsynlege enn andre. Mellom anna står Per Inge Torkelsen oppført med meir enn 500 i odds på nettsida Guts.com.

– Heilt uaktuelt

Hans-Øyvind Sagen

BETTINGFAVORITT: Mange på nett trur Hans-Øyvind Sagen blir den nye direktøren. (Bilete er frå den gong han var marknadsdirektør i klubben.)

For gamblinga på nett er i full gang og så langt er det 13 namn folk har satsa pengar på, som ny direktør for dei mørkeblå, på denne nemnde nettsida. Ein av dei flest folk har tru på er tidlegare marknadssjef i Viking, og ein av dei heite kandidatane til direktørjobben då Bjarne Berntsen slutta i 2012 , Hans-Øyvind Sagen.

– Det var jo smigrande, seier Sagen.

Han var ikkje klar over at han blei sett på som ein kandidat då NRK.no kontakta han, og kan allereie koma med ei trist melding til dei som har sett sparepengane sine på han.

– Dette kan eg avkrefta heilt. Det er sant at eg var aktuell for jobben sist gong, men det er eg ikkje nå, seier han.

I dag jobbar Sagen som direktør for sal- og forretningsutvikling i Netti by Alu Rehab, eit selskap som sel komfort-rullestolar verda rundt.

– Mange gode folk

– Me har mykje spanande på gang, så det ville ikkje vore kjekt å forlata dette.

Av andre namn på lista er mellom anna Egil Østenstad, Tore Haugvaldstad og Bjørn Maaseide, men Sagen vil ikkje ut med kven han ville ha sett sine pengar på.

– Det einaste eg kan sei er at alle på denne lista er gode folk, inkludert Per Inge Torkelsen, seier han og ler.

Økonomisjef Henning Johannessen er direktør til klubben har funne ein ny.