Hopp til innhold

Her aukar trafikken når det er kontroll på E39

Denne smale fylkesvegen i Dalane blir full av store bilar når det er kontroll på hovudvegen. Naboar fortel om livsfarlege situasjonar og vil stengja vegen for tungtransport. Vegvesenet seier nei.

Tungtransport på fylkesveg 51

OPPSTÅR OFTE: Slike situasjonar er vanlege på fylkesveg 51 mellom Bjerkreim og Eigersund. Det var ikkje kontroll på E39 på det tidspunktet dette illustrasjonsbiletet vart tatt.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det er eit tosifra tal trailerar som køyrer forbi her kvar time, seier Arne Geir Larsen. Han bur like ved fylkesveg 51, på Tengesdal i Bjerkreim, og merkar stadig dei farlege situasjonane mykje tungtransport fører med seg.

Legg om ruta for å unngå kontroll

Arne Geir Larsen

VIL HA TUNGTRAFIKKEN VEKK: Nabo Arne Geir Larsen.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Eg låg bak ein utanlandsregistrert trailer som møtte ein annan trailer. Han heldt 70, trekte inn sidespegelen og køyrde utanfor den kvite stripa. Hadde det vore syklistar der, så hadde ikkje dei overlevd den situasjonen, seier Larsen.

Når Vegvesenet har kontroll av tunge køyretøy på E39 ved Krossmoen, legg mange trailerar om ruta si til fylkesveg 51 mellom Bjerkreim og Eigersund.

I sommar skreiv Larsen brev til Statens vegvesen, i svaret frå vegvesenet står det at det ikkje blir aktuelt å oppfylla ønsket om å stenga vegen.

– Dei sa dei skulle prøva å følga ekstra godt med, og at eg kunne ta kontakt om eg syns det vart gale i visse periodar. Det syns eg er feil måte å angripa saka på, seier Larsen.

Omkøyring

– Ha alt i orden!

Kenneth Holm Vestby

VILLE STOPPA OM HAN FEKK BESTEMMA: Inspektør i Statens vegvesen, Kenneth Holm Vestby.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Den beste måten å unngå kontroll på er å ha ting i orden, seier inspektør Kenneth Holm Vestby hjå Statens vegvesen sin kontrollstasjonen på E39 ved Krossmoen. På stasjonen kjenner dei til at trailersjåførar brukar fylkesveg 51 når inspektørane har kontroll.

– Me vil jo helst ha trefikken på E39, slik at me kan kontrollera køyertøya, seier han.

– Korleis stiller de dykk til å leggja ned forbod for køyretøy over 7,5 tonn på den vegen?

Marthon Skårland

VIL FORBETRA VEGEN: Ordførar i Bjerkreim, Marthon Skårland (H)

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Det set jo ein effektiv stoppar for ting, men det er nok ikkje opp til meg.

– Men viss du hadde fått bestemma?

– Då hadde eg nok stoppa trafikken, seier Larsen.

Vil ta saka til samferdsleutvalet

Nå har ordførar Marthon Skårland (H) i Bjerkreim engasjert seg, og vil ta saka opp med samferdselsutvalet i Rogaland fylke.

– Vegen som går her er ikkje god nok etter dagens standard. Det har blitt mykje meir tungtransport på fylkesveg 51, og vegen er ikkje laga for tungtransport, seier ordføraren.