Hopp til innhold

Meiner sjukehuset bør ligga på Våland

Fylkesmann i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa, legg vekt på kollektivtransport og tilrår derfor Våland som lokasjon for nytt universitetssjukehus.

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa er fylkesmann i Rogaland. Ho meiner at det er Våland-alternativet som oppfølgar dei statlege planretningslinene.

Foto: Audun Braastad / NTB Scanpix

Fylkesmannen i Rogaland er opptekne av at det nye sjukehuset skal ligga på ein stad med god tilknyting til kollektivtransport, og lanserte derfor Paradis som eitt alternativ tidlegare i år. I høyringssvaret frå Fylkesmannen blir Paradis-alternativet heldt utanfor på grunn av storleik og form på areal.

Derfor går altså Fylkesmannen for det nest mest urbane alternativet, som er Våland, der sjukehuset ligg i dag.

– Det er Våland som vil gi minst biltrafikk, det er Våland som er best knytt til både Jærbanen og bussar og det kan ikkje vera tvil om at det er på Våland det vil bu mest folk, også i framtida, seier Kleppa til NRK.no.

Stavanger universitetssykehus, Våland-alternativet

Dette er slik arkitektane ser føre seg Stavanger universitetssjukehus om det blir plassert på Våland.

– Best for dei med høg terskel

Slik argumenterer Fylkesmannen for Våland-alternativet i høyringssvaret sitt:

«Fylkesmannen vil rå til at nytt universitetssjukehus blir lokalisert til Våland. Våland er det einaste alternativet av dei som er greidde ut så langt, som følgjer opp dei statlege planretningslinene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og som understøttar hovudgrepet i Regionalplan Jæren. Våland er også det alternativet som har høgast måloppnåing i høve nasjonale mål når det gjeld lokalisering av statlege verksemder (jf. Miljøverndepartement og Statsbyggs rapport: «Statleg lokalisering og god by- og stedsutvikling» 2009). Våland er også det alternativet som sikrar best tilgjenge for brukargrupper som er minst mobile, og der terskelen for å oppsøke spesialhelsetenesta er størst.»