Hopp til innhold

Funn frå sjøbotnen fortel Stavanger-historie

Dei arkeologiske utgravingane i hamnebassenget i Stavanger har stadfesta at byen hadde kontakt både sør- og nordover på 17-1800-talet. I tillegg fann arkeologane det dei karakteriserer som «dystre funn».

Funn frå 17-1800-talet på sjøbotn i Stavanger hamn

Funn frå 17-1800-talet på sjøbotn i Stavanger hamn.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

På sjøbotnen, rett utanfor der kaiane i Stavanger ligg i dag, har arkeologane funne fleire kritpiper frå Holland.

– Dei viser at Stavanger hadde god kontakt sørover på 17-og 1800-talet, seier Arild Skjæveland Vivås, marinarkeolog ved Stavanger maritime museum. Men pipene viser også ei anna viktig utvikling.

Krittpipe tilpassa billeg eller dyr tobakk?

Er kritpipa tilpassa billeg eller dyr tobakk? Det kan du sjå på størrelsen på pipehovudet.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

For dei eldste kritpipene har små pipehovud. Dei frå 1800-talet er mykje større.

– Det har med prisen på tobakk å gjera. I starten var den veldig høg, og då hadde ikkje folk råd til å kjøpe så store biten. Etter kvart gjekk prisen ned, og mengda tobakk det var plass til i pipa opp, fortel Skjæveland Vivås.

Jakta på mellomalderhamna

Stavanger er ein mellomalderby med ein katedral frå første halvdel av 1100-talet. Arkeologane hadde ei von om å finne delar av mellomalderhamna under slam og avleiringar på sjøbotn. Men der blei dei skuffa.

– Det har skjedd mykje utfylling i hamnebassenget opp gjennom hundreåra, fortel Skjæveland Vivås.

Arild Skjæveland Vivås, marinarkeolog Stavanger maritime museum.

Arild Skjæveland Vivås, marinarkeolog Stavanger maritime museum.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Mellomalderhamna ligg truleg godt forvara under det som nå er ein del av byen Stavanger.

– Det me har funne, er av nyare dato. Men det inkluderer porselensfat frå Nord-Tyskland og keramikk frå Trøndelag, seier arkeologen.

Det dystre funnet

Dykkarane fann mykje keramikk på leitinga si. Alt var rett nok i bitar, heilt til dei ein dag fann ein tallerken som var intakt.

Den var slett ikkje gammal, og hadde eit tydleg merke på seg. Det var eit hakekors.

– Enten kan det vera nokon som har kasta den i sjøen av sinne, eller så var det for å kvitte seg med noko som det ikkje var greitt å ha i huset, då freden kom i 1945, foreslår marinarkeolog Arild Skjæveland Vivås.

Flaska med det rare i

Ei lita glasflaske med eit flytande gjennomsiktig innhald, er også blant dei funna som arkeologen viser fram.

– Det er noko som flyt inne i flaska. Det ser ut som saltbitar eller iskrystallar, seier Skjæveland Vivås.

Han veit ikkje kva det er, men reknar med at flaska er frå 1800-talet.

Konsekvensar av leitinga

Tollboden i Stavanger

Utgravingane på sjøbotn starta ved Tollboden og gjekk vidare langs kaiane heilt til ferjekaien, der Tau-ferja går frå.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Formålet med utgravinga på sjøbotn var å slå fast om det var noko som gjorde vidare utfylling umogeleg. Skjæveland Vivås peikar på at funna arkeologane har gjort, i alle fall må vurderast før nokon kan gi løyve til å gravleggje nye delar av sjøbotn.

– Eg er klar for å grave ut og undersøke eit større område, seier han. Men det har vore veldig kaldt i vatnet i vinter, så eg satsar på at neste utgraving blir seinare på året, avsluttar Skjæveland Vivås.