Hopp til innhold

Fullt i 10 mils omkrins

Oljemessa ONS i Stavanger, fyller opp hotella heilt til Moi, som ligg 10 mil vekke. Også i Kvinesdal, to timars køyring frå Stavanger, er det stor pågang frå dei som er ute i siste liten.

Utsikten hotell i Kvinesdal

Utsikten hotell i Kvinesdal har mange gjester som besøker ONS i Stavanger, sjølv om det er to timars køyretur kvar veg

Foto: Utsikten Hotell, frå nettsida til hotellet

– Ja, nå er det så godt som heilt fullt hos oss, seier direktør for Moi Hotel, Helge Pettersen.

Hotellet hans ligg i tettstaden Moi, like ved E39. Det er 10 mil derfrå og til Stavanger og det tar nærmare halvannan time å køyra denne strekninga. Likevel er oljemessedeltakarane i klart fleirtal blant gjestene hans denne veka.

– Og det er ingen ting som tyder på at det ikkje skal fortsetje slik, meiner Pettersen.

1250 nye hotellsenger

Stavanger sitt største hotell, Clarion Energy, opna dørene for nokre veker sidan. Det ligg strategisk plassert på oljemesseområdet på Tjensvoll i Stavanger og har plass til 800 gjester, fordelt på 400 rom.

Scandic Stavanger City opna i april. Det har plass til 450 gjester og ligg sentralt nede ved hamna.

Men trass i 1250 nye senger i sjølve Stavanger er det ikkje noko som tyder på at presset på hotellovernattingar for dei fire døgna ONS går føre seg, har blitt særleg mindre.

God pågang

– Det er ikkje heilt fullt på Utsikten Hotell i Kvinesdal ennå, men det er stor pågang frå dei som har meldt seg på til ONS i siste liten.

Morten Vestvik, hotellsjef Jæren Hotell

Morten Vestvik, hotellsjef Jæren Hotell

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det fortel Morten Vestvik, som representerer eigaren Kronen-gruppa.

– Frå tidlegare år veit me at gjestene ikkje ser så negativt på den to timars lange køyreturen att og fram til Stavanger, seier Vestvik.

Sjølv er han hotellsjef på Jæren hotell i Bryne. Han er ikkje overraska over at 1250 nye hotellsenger i Stavanger, ikkje slår ut i mindre etterspørsel etter hotellrom langt vekke frå oljebyen.

– Det er så stort behov i dei fire dagane ONS varer, at det er behov for mange fleire rom, seier han.

Skal bli større

ONS-direktør Leif Johan Sevland er heilt einig.

Leif Johan Sevland

Leif Johan Sevland, direktør ONS

Foto: Anders Fehn / NRK

– Kjenner du til ein stad der det er ledige hotellrom i nærleiken så må du endeleg gi beskjed, seier han. I så tilfelle er ONS klar til å fylle romma opp!

Sevland er sikker på at oljemessa kan fylle opp fleire nye hotell. – Men så skal dei jo driftast dei to åra mellom kvar oljemesse også, og det er vel først og fremst det utbyggjarane bør tenkje på, seier han.

I tillegg til at hotell i Kvinesdal, Moi og Tau er fulle av ONS-gjester og sjølvsagt alle hotella som er i nærare omkrins av Stavanger, så har også om lag 900 privatpersonar leigd ut hus og leilegheiter denne veka.