Hopp til innhold

I dag bør du sikra trampolinen

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om full storm i natt. Verst blir det i fjellet og langs kysten sør i Rogaland og i Agder-fylka.

Trampoline i Haugesund

Det er lurt å sikra lause gjenstandar før stormen som skal koma i natt.

Foto: Thomas Halleland

Ida Marie Solbrekke

Ifølgje statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke blir det verst i fjellet og på sørkysten i Rogaland.

Foto: Vervarslinga

– Ein kan venta seg at vinden vil koma i form av kraftige vindkast, seier statsmeteorolog Ida Marie Solbrekke til NRK.no.

Ho har sendt ut eit OBS-varsel om sterk vind natt til sundag. Varselet om storm gjeld for vestlandsfylka Rogaland og Hordaland. Seinare har det også blitt utvida til å omfatta fjellet i Agder, Telemark og Buskerud.

I Rogaland skal det bli verst. Her kan det periodevis bli full storm på fjellet og sør for Obrestad langs kysten. Også i Agder-fylka kan det bli full storm på utsette stader i fjellet.

– Vinden kjem frå aust og vil råka hardt der ein er utsett for austavind. Sidan vinden kjem over fjella vil den slå ned i landet som sterke vindkast, desse kan ha ein styrke på 25–30 meter i sekundet, forklarer Solbrekke.

Det vil sei at dei kan vera oppe i styrken av sterk storm.

Yr.no si forklaring på full storm i fjell:

Trær velter over ledninger for telefon og strøm. Det knaker i tømmervegger. Lette småhus rives av grunnmuren.

Yr.no

Vanskelege køyreforhold

Med så heftig vind i vente tilrår meteorologen folk å sikra det dei har av lause gjenstandar på eigedommen sin.

Og dersom ein skal ut å køyra er det greitt å vera klar over at det natt til sundag og først på sundag er det venta lokalt vanskelege køyreforhold i fjellet. Dette gjeld for alle dei tre fylka, på grunn av sterk vind i kombinasjon med snø.

– Totalt i Rogaland er det venta fem til ti millimeter nedbør. I natt vil den koma i form av snø, men utover dagen i morgon stig temperaturane, og snøgrensa kryp opp til rundt 500 meter, seier Solbrekke.