Hopp til innhold

Fugleinfluensa påvist på verpehøns i Rogaland – 7500 høns avliva

Dette er første gong fugleinfluensa er påvist i eit kommersielt fjørfehald i Noreg. Risiko for smitte til menneske blir vurdert som låg.

Verpeegg
Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Dette kjem fram av ei pressemelding Mattilsynet har sendt ut torsdag kveld.

Der er ei besetning med verpehøns i Klepp kommune i Rogaland som har fått påvist fugleinfluensa.

– Dette er ein veldig alvorleg situasjon for fjørfeproduksjonen i Rogaland, og potensielt for resten av landet. Fugleinfluensa fører som regel til alvorleg sjukdom og død hos smitta fuglar, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Sjukdomen er svært smittsam mellom fuglar.

– Alle dyr i det smitta fjørfehaldet er avliva og det blir pålagt restriksjonar for fjørfehald i eit større område rundt besetninga for å hindre vidare smittespreiing, seier Godal.

Det er svært låg risiko for at menneske blir smitta av fugleinfluensaen, men enkelte variantar kan gje smitte.

Vidare prøveanalysar vil avklare endeleg kva slags variant det er snakk om i dette tilfelle.

Innfører tiltak

– Dette er ein alvorleg situasjon fordi det fører til alvorleg sjukdom og død, og det har me også sett her. Det starta med 10–20 dyr som døde, men det siste døgnet var det ein dramatisk auke i dødelegheit. Då var det allereie restriksjonar i besetninga, seier Ole Herman Tronerud, fagdirektør i Mattilsynet.

Ole-Herman Tronerud

Fagdirektør i Mattilsynet, Ole Herman Tronerud, har eit håp om at fugleinfluensautbrotet avgrensar seg til denne situasjonen på Klepp.

Foto: Magnus Brenna-Lund / NRK

Det var onsdag at Mattilsynet vart varsla. Veterinærinstituttet har analysert prøvar som viser at dette er fugleinfluensa. Nærare undersøkingar blir gjort for å avklare kva slags type fugleinfluensa det er.

Det er førebels ikkje kjent korleis smitten har kome inn i besetninga, men det er ein moglegheit at det kjem frå populasjon av villfugl i Europa.

– Me jobbar med å få fullstendig oversikt over situasjonen og vurderer fortlaupande kva slags tiltak som er nødvendig. Ytterlegare tiltak kan kome i den nærmaste tida på kort varsel, seier Godal.

Eit tiltak no er portforbod i enkelte delar av Rogaland. Mellom anna må alle typar tamme fjørfe haldast innandørs eller i ei innhegning med tett tak og nettingvegger viss dei er ute.

Inntil vidare anbefaler dei også så lite forflytting av fjørfe og egg frå garder i dette området som mogleg.

Viktig med smittevern

– Det viktigaste nå er at alle som har fjørfe og andre fuglar har gode smitteverntiltak, slik at dei unngår smitte. Pass på at fuglane dine ikkje har direkte kontakt med ville fuglar, eller indirekte kontakt som til dømes via avføring frå desse, seier Godal.

Tone Steinsland

Tone Steinsland, leiar i Rogaland Fjørfelag.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Fugleinfluensa er ein meldepliktig sjukdom. Fjørfebønder og andre som har fuglehald må derfor straks ta kontakt med Mattilsynet dersom dei mistenker å ha fugleinfluensa i besetninga.

Rogaland Fjørfelag er kopla på beredskapsgruppa der heile bransjen tar del.

– Me tenker på produsenten som står i dette og at det må vera krevjande. Men så er me også glade for at me raskt fekk påvist dette og sett i gang tiltak, seier leiaren i fjørfelaget, Tone Steinsland.

Ho seier næringa det siste året har frykta at fugleinfluensa skulle komma til Noreg.

– Det er tungt og alvorleg, men håpar me skal klara å handtera dette på ein god måte.

Flere nyheter fra Rogaland