Om lag 50 av dei i alt 140 innbyggjarane på Halsnøy i Finnøy kommune møtte opp på folkemøtet i kveld.
I neste års budsjett føreslår rådmannen å leggje ned barnehagen, og det får øyfolket til å reagera. Fleire politikarar var til stades på møte i kveld, men ingen ville gi eit løfte om at barnehagen blir redda.
Berit Hopland frå Høgre og Jon Olav Runestad frå Ap ymta derimot frampå at dei vil prøve å behalde barnehagen, men ingen ville lova det sikkert.
– Driftsutgiftene må bli mindre enn 1,5 millionar for at den skulle kunne fortsette. 250 000 kroner per unge per år er for dyrt, sa Jon Olav Runestad.
Det er håp i dei små
Dei 140 innbyggjarane på Halsnøy veit at for å få unge familiar til øya så må dei ha ein barnehage. Skulen forsvann for nokre år sidan, nå er barnehagen det siste halmstrået som står igjen for å behalde folketalet på øya, meiner dei.
Og der er Finnøy-ordføraren einige med dei.
– Utan barnehage, og utan tomter så går det ikkje an å få eit øysamfunn til å leva, sa ordførar Gro Skartveit på møtet.
Likevel vil heller ikkje ho love at drifta av barnehagen vil halde fram.
I dag er det berre fem ungar i barnehagen. Over nyttår kjem det to til, og til hausten kan talet vera oppe i åtte, seier dei mest optimistiske.
Det er der håpet for framtida ligg, meinte dei fleste av dei frammøtte på folkemøtet.
– Byggefeltet kan gjera utslaget
Fleire bustader på øya kunne ha vore ei redning for å trekke til segfamiliar.
Og det er allereie langt på veg eit byggeklart byggefelt på Halsnøy.
Kommunen har lagt inn 3,7 millionar i feltet. Vatn, kloakk og veg er alt klart. Men rådmannen seier nei til å bruka fleire millionar på å gjera det ferdig.
Politikarane lovar ingen ting for å få ferdig byggefeltet. Trass i at innbyggjarane meiner det er rart at kommunen kan kaste bort nærare fire millionar, på noko som dei ikkje vil ferdigstilla.