Hopp til innhold

Fryktar arbeidsplassar forsvinn

Byggenæringa frykter mange arbeidsplassar kan forsvinna dei neste to-tre åra fordi dei store oppdraga går til utanlandske selskap. Det er lite optimisme i bransjen, viser byggenæringa sitt eige framtidsbarometer.

Bygging Ryfast

Det er liten optimisme i byggenæringa. Dei håpar nå på hjelp frå dei store, offentlege samferdselsprosjekta. Biletet er frå Ryfast-prosjektet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Det blir bygd over ein låg sko i regionen: Nå Ryfast og snart Rogfast og nye E39.

Men trass dette er det altså liten optimisme i byggebransjen, viser byggenæringa sitt framtidsbarometer.

Eit av unntaka er Kruse Smith. Dei er i innspurten av det nye hovudkvarteret til oljeselskapet Whintershall i Stavanger.

Men etter det er det tynt i ordrebøkene, ifølge regiondirektør i Kruse Smith Vest, Rune Hognestad.

– Eg ventar at marknaden får det tøft i alle fall dei nærmaste to til tre åra.

Håpar på Rogfast

Den private næringsbyggmarknaden er i ferd med å tørka heilt ut og investeringsviljen er lik null.

Derfor håpar byggenæringa på hjelp frå dei store, offentlege samferdselsprosjekta.

Hovudkontrakten har alt gått utanlandsk for Ryfast. Nå håpar dei norske entreprenørane på at ikkje det same skjer med Rogfast og nye E39.

– Dersom det offentlege pakkar dette i for store kontraktar er det fare for at få eller ingen norske entreprenørar kan vera med i konkurransen, seier Hognestad.

(Artikkelen held fram under tv-innslaget).

Liten optimisme i byggenæringa.

VIDEO: Sjå tv-reportasje om byggenæringa som fryktar ei tøff framtid.

Taper for utlandet

Øystein Langholm Hansen

Øystein Langholm Hansen, distriktssekretær i LO.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Distriktssekretær i LO, Øystein Langholm Hansen, synst det er eit paradoks at tusenvis av arbeidsplassar i byggenæringa kan ryka samtidig som det er rekord i offentleg byggeaktivitet på Vestlandet.

– Det uroar oss at store milliardoppdrag frå det offentlege går til utanlandske selskap, ofte på vilkår norske bedrifter ikkje kan konkurrera om.

Det er det offentlege som oftast vel utanlandske entreprenørar til store oppdrag. Det uroar også administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening (BNL), Jon Sandnes.

– Etter fleire år på rad seier nesten halvparten av våre bedrifter at dei taper konkurransen mot utanlandske selskap. Mykje av årsaka er at tilgangen på billeg arbeidskraft nesten er uendeleg.

Strengt regelverk

Tor Geir Espedal

Tor Geir Espedal, Rogfast-prosjektleiar.

Foto: Undi Torstensen, Statens Vegvesen

Men Rogfast-sjef Tor Geir Espedal gir lite håp til dei som håpar på mindre kontraktar og norsk særbehandling ved Rogfast-prosjektet.

– Me har eit strengt regelverk å forholda oss til og er bundne til EU sine krav. Me kan aldri stille krav som ekskluderer utanlandske firma.

Han forklarer også at det er heilt umogleg å dela opp i mindre kontraktar.

– Store prosjekt som dette kan ikkje delast opp i mindre kontraktar, me må ut med alt, seier Rogfast-prosjektleiar Espedal.

Det blir uansett stilt krav til skandinavisk kontraktsspråk og at det alltid skal vera personar på prosjektet som snakkar norsk, legg prosjektleiaren til.