Hopp til innhold

Meiner Frp i regjering øydelegg for Frp i distrikta

Med berre timar att til fristen, står Framstegspartiet utan lister i kvar fjerde kommune i eit av landets blåaste fylke. Mange tillitsvalde har trekt seg sidan førre val.

Siv Jensen og Per Sandberg

OMSTRIDT: Siv Jensen og Per Sandberg har fronta Frp i regjering.

Foto: Lien, Kyrre / NTB scanpix

– I aller verste fall leverer me inn 19 eller 21 nominasjonslister. Det er trist, seier Kari Raustein, fylkesleiar for Framstegspartiet i Rogaland.

Kari Raustein

SMILER PÅ BILETET: ... men Kari Raustein, fylkesleiar for Framstegspartiet, tykkjer det er trist at dei står utan lister i så mange kommunar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Noko har skjedd i eit av landets blåaste fylke. Det ligg an til at Framstegspartiet ikkje vil vera eit alternativ i fem fleire Rogalandskommunar enn ved kommunevalet i 2011.

– Det er naturlege generasjonsskifte i nokre av desse kommunane, der det er folk som har vore med oss i mange, mange år, som no ønskjer å gjera noko anna på fritida. Det er ikkje i alle desse kommunane det er naturlege arvtakarar, seier Raustein.

Ekstra vanskeleg i Ryfylke

Det er spesielt i distriktskommunane i Ryfylke at partiet slit. For fire år sidan fekk dei inn representantar i alle dei åtte ryfylkekommunane. I år må dei truleg stryka fem lister, mellom anna i Hjelmeland, der partiet hadde sitt første landsmøte i 1974.

Esther Moe

SKULDAR PÅ RIKSPOLITIKKEN: Redaksjonsleiar i Suldalsposten, Esther Moe.

Foto: Helga Møgedal

– Noko av det Landbruksminister Sylvi Listhaug seier kan vera populært på Nord-Jæren, men ikkje for delar av Ryfylke, seier Esther Moe, redaksjonsleiar i lokalavisa Suldalsposten.

Ho meiner at det er Frp i regjering som øydelegg for partiet i distrikta. Fylkesleiaren i Frp synest det er vanskeleg å seia kva som er årsaka, men er litt samd med Moe.

– Det er ikkje alle saker vi får positiv blest om, som vi burde ha fått. Mange av reformene vi skal gjennomføra i regjering tar tid å sjå dei positive verknadene og utfallet av. Dårlege målingar på landsplan kan også smitte over til distrikta, seier Kari Raustein.

Fleire protestutmeldingar

Ester Moe peiker på at bråket rundt nestleiar Per Sandberg har vore avgjerande for at listetoppar har trekt seg.

– Her i Suldal melde Hans Erik Svennes seg ut i protest mot Per Sandberg sitt utspel om at KrF har ansvar for at nordmenn vervar seg som IS-krigarar. Han sa «der går grensa», seier Moe.

– Akkurat det same har nettopp skjedd i Finnøy der ein kommunestyrerepresentant melde seg ut med same grunngjeving, seier ho.

Klokka 12 går fristen ut for å levera inn nominasjonslister til valet. Raustein har framleis eit håp om å få lister opp og stå i Hjelmeland og Sauda, og skal jobba fram til siste minutt med å få det til.

Frp utan lister i desse kommunane