Før kommunevalet 2007 melder den sentrale Frp-politikaren Karl W. Sandvig seg ut av Frp, og saman med han går også tre andre. Av desse finn ein Rune Kommedal og Bjørn Ketil Birkeland, som også hadde relativt sentrale roller i partiet.
Bakgrunnen var mellom anna at Sandvig blei vraka frå Frp si liste til kommune- og fylkestingsvalet. Det skjedde på nominasjonsmøtet i desember, etter at han hadde kritisert innstillinga frå nominasjonskomiteen. Der var 26 år gamle Trond Birkedal føreslått som ordførarkandidat i Stavanger.
– Birkedal er for ung og uerfaren, sa Sandvik den gong.
- Les òg:
Også Mai-Liss Sivertsen blei vraka frå det som blei rekna som ein sikker andreplass på lista.
Frp fekk inn 9 av 67 representantar i Stavanger bystyre denne perioden.
Før kommunevalet 2011 går nominasjonskomiteen inn for Sissel Stenberg som toppkandidat i Stavanger. Nominasjonsmøtet trassar dette og går inn for Trond Birkedal i staden.
I mars trekk Birkedal seg som ordførarkandidat og frå alle verv i partiet. Årsaka er at han har blitt meld til politiet for å ha videofilma nakne gutar i dusjen i heimen hans.
- ALT OM: Birkedal-saka
Frp fekk også denne perioden inn 9 av 67 representantar i Stavanger bystyre.
Før kommunevalet i 2015 kjem det fram at ordførarkandidat Tore B. Kallevig har installert ein applikasjon på telefonen sin som han kan gjera opptak av telefonsamtalane sine med.
I eit ekstraordinært møte i leiargruppa til Stavanger Frp, trekk Tore B. Kallevig seg som leiar i partiet. Formelt sett er han framleis ordførarkandidat.
- Les òg:
Det er uklårt om heile sanninga har kome fram i saka, men det er lite truleg at Kallevig toppar Frp si liste når røystinga startar opp hausten 2015.