Hopp til innhold

Frp-Halleland skuldar KrF for dårleg moral

Frp og Høgre må stå på utsida når Ap fører samtalar med sentrumspartia i fylket. Det er avtalebrot og dårleg moral, meiner Terje Halleland (Frp).

Frp og Høgre må stå på utsida når Ap fører samtalar med sentrumspartia i fylket. Det er avtalebrot og dårleg moral, meiner Terje Halleland (Frp).

VIDEO: Ein varm klem mellom Solveig Ege Tengesdal i KrF og Eirin Sund i Ap. Frp og Høgre får ikkje vera med.

Valglogo

Det var tydeleg at fylkesordførar Janne Johnsen blei overraska då KrF gjekk inn i samtalar med Ap i går kveld.

– Me hadde ein avtale om at partia i posisjon skulle snakka saman først. Men det er tydeleg at sentrumspartia har andre planar, sa ho i går.

– Moralen stikk ikkje djupt

Terje Halleland

Terje Halleland (Frp) er ikkje nådig mot KrF, som har vald å snakka saman med Arbeidarpartiet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Fylkesvaraordførar Terje Halleland går lenger.

– Det er kanskje slik ein må rekna med når ein har med eit parti der moralen ikkje stikk særleg djupt, men når det skjer synst me at det er trist, seier han.

Han meiner at partiet har blitt meir sosialistisk.

– Dei har endra politikk og har blitt meir tydelege sosialistar enn dei har vore tidlegare i perioden. Dei nye representantane som har kome inn er meir sosialistiske, seier han.

KrF

Bak disse dørene diskuterer sentrum og Ap samarbeid i fylkeskommunen.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Me har vore ryddige

Både han og Johnsen er sett på sidelinja etter Ap i natt starta samtalar med sentrumspartia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre om eit politisk samarbeid i fylkestinget.

Solveig Ege Tengesdal (KrF) vil helst ikkje snakka om avtalen og skuldingane frå Frp og Høgre.

– Det vil eg helst ikkje kommentera noko spesielt, utanom at me har vore ryddige i denne samanhengen, seier ho.

Ap har fått flest stemmer i fylkeskommunen med 27,7 prosent, Dette er ein liten oppgang frå 2011. Høyre går tilbake med fem prosentpoeng og landar på 23,9. Dermed kan arbeidarpartiets Marianne Chesak, eller Kristelig Folkepartis Solveig Ege Tengesdal, bli ny fylkesordførar i Rogaland.

Samtalane held fram utover dagen.

Sentrumspartiene i fylket vurderer samarbeid uten Høyre.

Sentrumspartiene i fylket vurderer samarbeid utan Høyre.