Hopp til innhold

– Me har venta på dette i årevis!

Etter ni år og fire singlar lista på NRK P3 er stavangerbandet Frk. Fryd klare med debutalbumet «Hjertebank».

Frk.Fryd

KLARE MED NYTT ALBUM: Stavangerbandet Frk.Fryd.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Det er heilt merkeleg. Me har venta på dette i så mange år, og nå har endeleg skjedd, seier vokalist Caroline Ekeli.

Saman med trommeslagar Julie Enger Børresen, bassist Embla Heskestad Jagdums og gitarist Elise Andersen slepp dei måndag 1. september sitt første album, «Hjertebank».

Stavangerjentene har fått fire singlar lista på NRK P3, og singelen «Blod & Honning» vart ukas urørt på P3 då den kom ut.

  • Har du ikkje høyrt Frk. Fryd? Høyr dei på NRK Urørt.

Møttest på barneskulen

Bandet har, trass i at jentene så vidt har bikka 20 år, haldt saman i ni år. Dei byrja å spela då dei gjekk i 7. klasse på Madlavoll skole, då dei var 12 år gamle.

– Det starta mest som ein hobby, og så vart det meir og meir seriøst og kjekkare og kjekkare som åra gjekk, seier Ekeli.

– Eg hadde spelt trommer i to månader, og ho som spelar bass ønskte seg bassgitar til 12-årsdagen. Då måtte me jo ha ein vokalist og gitarist også, seier trommeslagar Julie Enger Børresen.

Julie Enger Børresen og Caroline Ekeli

KLARE MED DEBUTPLATA: Halve Frk. Fryd, her representert av trommeslagar Julie Enger Børresen (t.h.) og vokalist Caroline Ekeli, vitja måndag Lokalen i NRK Rogaland.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Blir som ein familie

Bandet plasserer seg sjølve i rockesjangeren, med innslag av punk og pop.

– Men det er av og til litt hardare også, seier Børresen.

– Og så er me opptekne av det melodiøse, i tillegg til dei harde gitarriffa, skyt Ekeli inn.

I sommar har dei spelt mange konsertar rundt om kring i landet, med Slottsfjellfestivalen i Tønsberg som deira eige høgdepunkt. Det har blitt nokre timar i turnébussen

– Det er veldig gøy. Me blir nesten som ein familie etter å ha vore saman i ni år. Me bur omtrent oppå kvarandre når me er på tur, og det er veldig kjekt å vera så nære og oppleve så kjekke ting når ein er både venninner og bandkollegaer, seier Ekeli.

Frk.Fryd på fotoshoot

FOTOSHOOT: Fotoshoot høyrer med når eit nytt album skal lanserast.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK